• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    29.06.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5006, BERGEN
    BERGEN
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6248425
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Vil du leie folk og drift i ei framtidsretta maritim verksemd?

Ferger

Fjord1 er ein verdensleiane pioner innan det grøne skiftet - over halvparten av våre farty er elektriske, og vi utviklar verdas første sjølvgåande ferjer. Med visjonen om å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, held vi stø kurs mot ei grøn framtid. Og vi veit at dei beste løysningane krev dei rette og beste folka. 

No søkjer vi etter ein tydeleg operativ leiar som vil ta ansvar for dagleg drift av fleire av våre fartøy – nærare bestemt ferjene på Boknafjorden, eit av dei mest trafikkerte og samfunnskritiske sambanda i landet. Her blir du eit sentralt bindeledd mellom land og sjø – med ansvar for både resultat, bemanning og sikkerheit. Du vil vere tett på både teknisk inspektør, bemanningskoordinator og skipsførarane, og bidra til eit godt samarbeid for trygg og stabil drift.

I Fjord1 får du ikkje berre ansvar – du får også moglegheit til å påverke, utvikle og løfte både folk og fartøy.

Vi tilbyr leiarskap i praksis, der du må stå støtt i grov sjø og samtidig leggje langsiktig kurs mot nye mål.

Kvalifikasjoner:

Du passar godt i denne rolla dersom du er ein tydeleg leiar som evnar å kombinere oversikt med gjennomføringsevne. Du trivst med å ha både folk og drift i tankane samtidig, og du er trygg i situasjonar der det krevst raske avgjerder. Som operativ leiar må du ha stø kurs – også når det skjer uventa ting – og evne å få mannskap og støtteapparat til å dra i same retning.

Rolla krev at du er strukturert, tilgjengeleg og flink til å kommunisere – både med dei som står på brua, og dei som har ansvar på land.

For å trivast og lukkast i rolla trur vi du har:

  • Relevant høgare utdanning – alternativt solid erfaring frå liknande rolle
  • Erfaring frå operativ drift, gjerne med budsjett- og personalansvar
  • Kjennskap til maritime regelverk og offentlege krav
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
  • God systemforståing og digital kompetanse

Vi tilbyr:

Som operativ leiar på Boknafjorden får du ei sentral rolle i ein framtidsretta og samfunnskritisk del av verksemda vår. Du får påverknad, ansvar og ein variert kvardag tett på både mannskap, teknologi og leiing. Her får du jobbe med oppgåver som betyr noko – for både lokalsamfunn, reisande og det grøne skiftet.

Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar, slik at du kan føle deg trygg både no og på lang sikt. Du får fleksible arbeidsordningar som gjer det enklare å få kabalen til å gå opp – og eit sterkt fagmiljø med rom for utvikling og karrierevekst.

Arbeidsplassen din blir i våre moderne lokale i Bergen, der du blir ein del av eit inkluderande og uformelt arbeidsmiljø. Vi legg vekt på samspel, fagleg styrke og god kvardagskultur – og du vil få kollegaer som bryr seg om både kvaliteten på arbeidet og menneska rundt seg.

Di utvikling som leiar og fagperson er viktig for oss, og vi gir deg gode moglegheiter for læring og vekst. I tillegg har vi attraktive velferdsordningar, som tilgang til firmaleilegheiter og hytter for ferie og fritid.

Er du klar for å gå om bord?
Send oss gjerne ein søknad – eller ta ein uformell prat med oss dersom du vil vite meir om stillinga.

Vi ser fram til å høyre frå deg.

 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    29.06.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5006, BERGEN
    BERGEN
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6248425
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA