Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
15.06.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6905, FLORØ
KINN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6214016Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Vi søkjer deg som trivst med tal, fristar og faglege utfordringar
Ferger
Vil du jobbe med økonomi i eit framtidsretta selskap som set menneske og miljø først?
Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet – over halvparten av fartøya våre er elektriske, og vi utviklar verdas første sjølvgåande ferjer. Vi tør å påstå at vi er moderne, innovative og framtidsretta – og langt frå kjedelege! Med visjonen om å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, held vi stø kurs mot ei grønare framtid.
No søker vi ein økonomimedarbeidar som vil bli ein viktig del av økonomiavdelinga vår. Her får du ein variert og fagleg utfordrande kvardag med ansvar innan rapportering, analysar og økonomiske prosessar som bidreg til styring og utvikling av heile selskapet.Økonomiavdelinga vår består av om lag 20 dyktige medarbeidarar, og vi har eit arbeidsmiljø prega av fagleg engasjement, godt samarbeid og høg trivsel. Hos oss får du jobbe tett på andre avdelingar og få brei innsikt i det som rører seg i Fjord1 og ferjemarknaden. Å vere ein del av ein stor administrasjon i ein "liten" by gir eit miljø der det både er sosialt og fagleg utviklande å jobbe.
Vi veit at det kan bli hektisk i periodar, og at fleire fristar kan kome på éin gong. Difor treng vi deg som held hovudet kaldt når bølgjene går høge, og som likar å bidra med orden og kvalitet – sjølv når det er mykje som skjer.
Kvalifikasjoner:
For å trivast og lukkast i denne rolla er det viktig at du har ein systematisk og grundig tilnærming til arbeidet ditt, og at du trivst med å vere ein del av eit fagmiljø der vi jobbar tett saman. Du må kunne balansere mellom periodar med ro og høg aktivitet – og vere komfortabel med å handtere både detaljar og heilskap. Vi ser etter deg som er lærevillig, strukturert og påliteleg – ein som finn glede i å levere kvalitet og utvikle deg vidare i rolla.
For å lukkast i rolla bør du ha:
- Utdanning innan økonomi eller finans
- Erfaring frå økonomiarbeid, rekneskap eller analyse
- Gode ferdigheiter i Excel og økonomisystem
- Evne til å jobbe strukturert og levere til frist
- Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
Eit mannskap for alle
Vi veit at eit mangfald av perspektiv og erfaringar gjer oss sterkare. Vi ønskjer kollegaer med ulike bakgrunnar, kompetansar og livserfaringar, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Våre kontorlokaler er universelt utforma, slik at du kan trivast og jobbe godt uavhengig av behov eller funksjonsevne. Her hos oss handlar det om kva du kan bidra med, ikkje kvar du kjem frå.
Vi tilbyr:
Dette er ei spanande og variert stilling i eit selskap med eit viktig samfunnsoppdrag. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår med gode forsikrings- og pensjonsordningar, slik at du kan føle deg trygg både no og i framtida. Du vil få fleksible arbeidsordningar som gjer det lettare å balansere jobb og fritid, samt rike moglegheiter for fagleg utvikling og karrierevekst.
Arbeidsplassen vår i Florø har topp moderne fasilitetar og eit inkluderande arbeidsmiljø, der samarbeid og trivsel står i sentrum. I kantina vår får du både varmmat kvar dag og vaflar på fredagar – ein liten, men viktig del av fellesskapet vårt. Her vil du bli ein del av eit team med dyktige og engasjerte kollegaer som saman jobbar for å skape dei beste løysingane.
Di faglege og personlege utvikling er viktig for oss, og vi gir deg gode moglegheiter for læring og vekst. I tillegg har vi attraktive velferdsordningar, inkludert tilgang til hytter og leilegheiter for ferie og fritid.
Klar for å stikke ut kursen saman med oss?
Du treng ikkje ha alt på plass for å ta kontakt – vi vil gjerne høyre frå deg uansett.
Send inn ein søknad, eller slå på tråden om du lurer på noko. Kanskje er dette starten på noko veldig bra – både for deg og oss.
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
15.06.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6905, FLORØ
KINN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6214016Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
-
Har du auge for detaljane – og oversikt over heile farvatnet?
Fjord1 ASA
FLORØ -
Bli ein nøkkelperson i HR-teamet vårt!
Fjord1 ASA
FLORØ -
Landkrabbe med spisskompetanse innan rekruttering!
Fjord1 ASA
FLORØ -
Navigatørar - Open Søknad - Vikar
Fjord1 ASA
FLORØ -
Maskinoffiser - Open Søknad - Vikar
Fjord1 ASA
FLORØ