• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    15.06.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6224369
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Landkrabbe med spisskompetanse innan rekruttering!

Ferger

Medarbeidarane er vår aller viktigaste ressurs. Vi søker deg som vil få ei nøkkelrolle og eit fagansvar i rekrutteringsarbeidet vårt og med di faglege tyngde kunne vere vere ein rådgjevar for leiarar og HR kollegaer innan fagfeltet. 

Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet - over halvparten av fartøya våre er elektriske, og vi utviklar verdas første sjølvgåande ferjer. Med visjonen om å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, held vi stø kurs mot ei grøn framtid. Vi kombinerer teknologi, miljø og samfunnsoppdrag med høg presisjon – og det er folk som deg som bidreg til at vi lukkast.

No søkjer vi ein HR-rådgjevar med fagansvar for rekruttering og tilsetting. Du får ei sentral rolle i å sikre kvalitet og struktur i alle delar av rekrutteringsprosessen, og vere ein viktig støttespelar for leiarar i arbeidet med å finne dei rette kandidatane.

Fjord1 er i stadig endring og vekst - og det same er HR konsern. HR konsern i Fjord1 består av fem dedikerte kollegaer som jobbar tett med både leiinga og alle dei tilsette i rederiet. Her får du ein variert kvardag med ansvar, tillit og høve tl å vere med å forme retninga vidare. Vi har høgt arbeidstempo og stort fagleg engasjement, men òg rom for mykje humor, omsorg og arbeidsglede i kvardagen. 

Kvalifikasjoner:

Vi ser etter deg som har erfaring frå rekruttering og som ønskjer å vidareutvikle eit viktig fagområde. Du jobbar strukturert, kommuniserer godt og har ei trygg og stødig framferd i møte med andre. Du trivst med å samarbeide, men tek òg ansvar for eigne prosessar frå start til slutt. Du er fagleg sterk og set kvalitet høgt, samstundes som du er nytenkande, praktisk og løysingsorientert i gjennomføringa. Du har gode relasjonelle eigenskaper  og trivst med nettverksbygging både internt og eksternt.

Vi ser gjerne at du har:

  • Høgare utdanning, gjerne innan HR, organisasjon, juss, marknadsføring eller noko anna spennande
  • Erfaring frå HR arbeid, særleg rekruttering
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Gode digitale ferdigheiter – gjerne med erfaring frå Webcruiter
  • Kjennskap til lovverk og beste praksis knytt til rekruttering og tilsetting

Eit mannskap for alle

Vi veit at eit mangfald av perspektiv og erfaringar gjer oss sterkare. Vi ønskjer kollegaer med ulike bakgrunnar, kompetansar og livserfaringar, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Våre kontorlokale er universelt utforma, slik at du kan trivast og jobbe godt uavhengig av behov eller funksjonsevne. Her hos oss handlar det om kva du kan bidra med, ikkje kvar du kjem frå.

Vi tilbyr:

Dette er ei spanande og variert stilling i eit selskap med eit viktig samfunnsoppdrag. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår med gode forsikrings- og pensjonsordningar, slik at du kan føle deg trygg både no og i framtida. Du vil få fleksible arbeidsordningar som gjer det lettare å balansere jobb og fritid, samt rike moglegheiter for fagleg utvikling og karrierevekst.

Arbeidsplassen vår i Florø har topp moderne fasilitetar og eit inkluderande arbeidsmiljø, der samarbeid og trivsel står i sentrum. I kantina vår får du både varmmat kvar dag og vaflar på fredagar – ein liten, men viktig del av fellesskapet vårt. Her vil du bli ein del av eit team med dyktige og engasjerte kollegaer som saman jobbar for å skape dei beste løysingane.

Di faglege og personlege utvikling er viktig for oss, og vi gir deg gode moglegheiter for læring og vekst. I tillegg har vi attraktive velferdsordningar, inkludert tilgang til hytter og leilegheiter for ferie og fritid.

Klar for å bli med ombord?
Om du kjenner deg igjen i mykje av det vi beskriv – og vil bruke kompetansen din til å utvikle både menneske og selskapet – vil vi veldig gjerne høyre frå deg.
Skap framtida di saman med oss – bli med og sett kursen for framtidas Fjord1!

Vi behandlar søknadar fortløpande, og aktuelle kandidatar blir kontakta.

 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    15.06.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6224369
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA