• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    15.06.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6224371
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Bli ein nøkkelperson i HR-teamet vårt!

Ferger

Medarbeidarane er vår aller viktigaste ressurs. Vi søker deg som brenn for menneskene i selskapet og at alle skal bli sett, høyrd og anerkjent. Vi søker deg som med fagleg tryggleik og ei trygg stemme kan lose våre leiarar til å utøve best mogleg sjukefråværsoppfølging og bidra til å auke nærværet både til sjøs og til lands. 

Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet – over halvparten av fartøya våre er elektriske, og vi utviklar verdas første sjølvgåande ferjer. Vi tør å påstå at vi er moderne, innovative og framtidsretta – og langt frå kjedelege! Med visjonen om å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, held vi stø kurs mot ei grøn framtid.

No er vi på jakt etter ein ny kollega til å ta over stafettpinnen i arbeidet med nærvær, sjukefråvær og arbeidsmiljø. Den som har hatt rolla til no går vidare til nye oppgåver internt i HR-teamet - eit godt døme på dei utviklingsmoglegheitene vi har. Ho blir framleis ein viktig del av laget, og du vil få ein god kollega å sparre med frå dag ein!

Du får ansvar for prosessar som betyr mykje og som har direkte påverknad på korleis kvardagen opplevast for mannskapet vårt, både til lands og til sjøs. Det handlar om å vere ein trygg rådgjevar, halde ein trygg og stø kurs i krevjande saker og vere ein aktiv pådrivar for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

Fjord1 er i stadig endring og vekst - og det same er HR konsern. HR konsern i Fjord1 består av fem dedikerte kollegaer som jobbar tett på både leiinga og alle dei tilsette i rederiet. Her får du ein variert kvardag med ansvar, tillit og høve til å vere med og forme retninga vidare. Vi har høgt tempo og stort fagleg engasjement, men òg rom for mykje humor, omsorg og arbeidsglede i kvardagen. 

Kvalifikasjoner:

Vi ser etter deg som har eit stødig fagleg kompass, god rolleforståing og evne til å vere tydeleg, også når det stormar litt. Du trivst med å gje råd, stå i krevjande saker og bidra til å styrke både den enkelte tilsette og selskapet som heilskap. Du har gode kommunikasjonseigenskaper både muntleg og skriftleg, er strukturert og sjølvstendig – og du får ting til å skje. Du er trygg i rådgjevarrolla, god til å byggje relasjonar og held framdrifta oppe i eigne saker.

Vi ønskjer at du:

  • Har høgare utdanning innan til dømes HR, helse ellre noko anna spennande. Relevant erfaring kan kompensere.
  • Har relevant arbeidserfaring, gjerne innan sjukefråværsoppfølging, NAV, tiltaksarrangør eller liknande
  • Har solid forståing for, eller evne til å sette deg inn i, relevant lov- og avtaleverk

Eit mannskap for alle

Vi veit at eit mangfald av perspektiv og erfaringar gjer oss sterkare. Vi ønskjer kollegaer med ulike bakgrunnar, kompetansar og livserfaringar, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Våre kontorlokale er universelt utforma, slik at du kan trivast og jobbe godt uavhengig av behov eller funksjonsevne. Her hos oss handlar det om kva du kan bidra med, ikkje kvar du kjem frå.

Vi tilbyr:

Dette er ei spanande og variert stilling i eit selskap med eit viktig samfunnsoppdrag. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår med gode forsikrings- og pensjonsordningar, slik at du kan føle deg trygg både no og i framtida. Du vil få fleksible arbeidsordningar som gjer det lettare å balansere jobb og fritid, samt rike moglegheiter for fagleg utvikling og karrierevekst.

Arbeidsplassen vår i Florø har topp moderne fasilitetar og eit inkluderande arbeidsmiljø, der samarbeid og trivsel står i sentrum. I kantina vår får du både varmmat kvar dag og vaflar på fredagar – ein liten, men viktig del av fellesskapet vårt. Her vil du bli ein del av eit team med dyktige og engasjerte kollegaer som saman jobbar for å skape dei beste løysingane.

Di faglege og personlege utvikling er viktig for oss, og vi gir deg gode moglegheiter for læring og vekst. I tillegg har vi attraktive velferdsordningar, inkludert tilgang til hytter og leilegheiter for ferie og fritid.

Klar for å bli med ombord?
Om du kjenner deg igjen i mykje av det vi beskriv – og vil bruke kompetansen din til å utvikle både menneske og selskapet – vil vi veldig gjerne høyre frå deg.
Skap framtida di saman med oss – nærvær er nøkkelen på land og til sjøs.

Vi behandlar søknadar fortløpande, og aktuelle kandidatar blir kontakta.

 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    15.06.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6224371
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA