Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
19.05.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5728284Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Vernepleiar 100% vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 400 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Hjelteryggen skule er ein barneskule med om lag 170 elevar på 1.-7.trinn. Skulen ligg idyllisk til på austsida av Sotra, like etter Sotrabrua.
Hjelteryggen skule har ei spesialavdeling for born som treng eit særleg tilrettelagt undervisningstilbod. Avdelinga gir eit heildagstilbod til born med ulike funksjonshemmingar.
Personalet jobbar i tverrfaglege team, der ulike faggrupper er representert.
Avdelinga tek imot borna frå heile kommunen.
Arbeidsoppgåver:- Helsefaglege oppgåver i tverrfaglege team på vår spesialavdeling
- Oppfølging av born med særlege behov i skule og SFO
- Planleggje og gjennomføre aktivitetar i SFO
- Bachelor i vernepleie eller anna relevant helsefagleg høgskuleutdanning
- Erfaring frå arbeid med mennesker med tilrettalagt kvardag
- Ønskjeleg med erfaring med bruk av ulike hjelpemidlar
- Gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner
- God arbeidskapasitet
- Fleksibel
- God evne til å byggje relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
- God evne til å løyse komplekse utfordringar
- Evne til å jobbe effektivt, strukturert og systematisk
- Vernepleiarar vert løna kr 25.000,- over gjeldande tariff
- vikariat frå 01.08.2024- 31.07.25
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Siri Håland, Rektor
siri.haland@oygarden.kommune.no
Telefon: 55097904/92857144
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
19.05.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5728284Se her for andre jobber fra Øygarden kommune