• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    13.05.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5722048
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Sjukepleiar 60% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 400 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Øygarden lokalmedisinske senter inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste. Stillinga som her vert lyst er knytt mot natt korttidsavdelingane, samt ØH-hjelp og palliasjon.

Arbeidsoppgåver:
  • Oppfølging av pleie og behandling av pasientane
  • Arbeide for å hjelpe pasienten til å nå sine mål
  • Arbeide lojalt og aktivt med Øygarden lokalmedisinske sine kvalitetsrutinar og fagprosedyrar
  • Rettleiing, opplæring og utviklingsarbeid
  • Tverrfagleg arbeid
  • Vere ein god rollemodelle for å skape eit kreativt og utviklande fagmiljø
Kvalifikasjonar: 

Må ha: Autorisert sjukepleiar

Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå arbeid med kortidspasientar, palliasjon og ØH vil bli vektlagt.
Eigenskapar:
  • Du er egna til å arbeide med alle type pasientar og spesielt eldre som har mista mange funksjonar
  • Du likar arbeid på natt
  • Du er opptatt av pasienten sin rett til medbestemmelse og involverar pårørande
  • Du ønskjer å jobbe med korttid- , palliasjon-, og ØH-pasienter
  • Du tykkjer det gir meining at dei fleste pasientane har nytte av  opptrening og rehabilitering, og vil jobbe for måla som blir sett for pasienten
  • Du viser engasjement i arbeidet ditt
  • Du har respekt for andre og deler din kunnskap med dei som treng det
  • Du er er open,  nysgjerrig og gir beskjed når det trengs
  • Du ønskjer eit spanande fagmiljø med godt kollegafellesskap
  • Du har gode IT-kunnskap
Anna:
  • Dersom interne søkjarar, kan anna stilling bli ledig. Stillinga er ledig frå 1.9.2024.
  • Stillinga blir lagt i årsturnsus med 16 helgar.

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.

Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)

Kontakt:

Tonje Tangen Alvsvåg – Einingsleiar 55097220

Anita Bildøy Hestad – Avdelingsleiar 48177990

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    13.05.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5722048
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune