Ledig stilling

Øygarden kommune

Ferievikar på institusjonskjøkken

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sundheimen er ein kommunal langtidssjukeheim lokalisert i Skogsskiftet med 44 senger, fordelt på to avdelingar. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov

Om arbeidsplassen:

På Sundheimen har vi eit lite institusjonskjøkken med 3 årsverk, som er ope på dagtid måndag til fredag. Her har vi ein travel, men triveleg kvardag. Vi produserer varm mat til 44 bebuarar på sjukeheimen, til dagtilbod for eldre og har noko produksjon til heimebuande. Produksjon av mat til helg skjer i veka ved kok/ kjøl/vakuumering. Det er også produksjon av diettar og spesialtilpassing til enkeltbrukarar.

No treng avdelinga sommarvikarar og søkjer personar helst med kjøkken- / kantineerfaring. Det er mogleg å være ringevikar i etterkant av vikariatet.

Saman med erfarne tilsette vil du bli introdusert for:

  • Produksjon av mat
  • Reinhald i kjøkken
  • Enkel kantinedrift for personale og besøkande.
Kvalifikasjonar: 
  • Engasjement og vilje til å lære 
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå institusjonskjøkken
  • Interesse for og kunnskap om ernæring som tema.
Personlege eigenskapar:
  • Glad i å lage mat
  • Rask og effektiv i eit travelt kjøkken
  • Gode samarbeidsevner internt i kjøkken og opp mot avdelingane
  • Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Gratis parkering
Kontakt:

-        Einingsleiar : Janne Thode , 56160400/ 45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no

-        Tove Sissel.Tveit : 56160400- tast 7

Tove.tveit@oygarden.kommune.no  

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.