• Företag
    Askvoll kommune
  • Ansökningstiden
    25.11.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Engagemang
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5949283
  • Se här för andra jobb från Askvoll kommune
Ledigt jobb

Askvoll kommune

Fagarbeidar/assistent ved Askvoll skule - 50% mellombels stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ved Askvoll skule i Askvoll kommune har vi ledig 50% mellombels stilling som fagarbeidar/assistent.

Askvoll skule er ein 1-10 skule med om lag 190 elevar i grunnskulen, og har for tida også om lag 30 elevar i vaksenopplæringa, fordelt på grunnskule for vaksne og norskopplæring. Skulen har per i dag 53 tilsette, og ligg i kommunesenteret i Askvoll kommune.

Vi har frå 02.01.2025 ledig ei mellombels 50 % stilling som fagarbeidar/assistent ut skuleåret, men med moglegheit for forlenging. Seinare oppstart kan eventuelt avtalast.

 

Arbeidsoppgåver:

Fagarbeidarstillinga omfattar primært arbeid på 1. - 4. trinn.

 

Kvalifikasjonar:

For tilsetjing er det ønskjeleg at søkjar har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men også andre utdanningar og arbeidserfaring som er relevante kan verte vurdert. 

Personlege eigenskapar vil og bli vektlagt.

Søkjarane må: 

  • beherske norsk munnleg og skriftleg.
  • ha god kommunikasjonsevne
  • ha digital kompetanse
  • bidra til teamutvikling
  • vere engasjert og fagleg dyktige

 

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer deg som

  • kan jobbe sjølvstendig og strukturert
  • er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
  • kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
  • opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
  • er løysingsfokusert og utviklingsorientert
  • fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne

 Vi tilbyr: 

  • interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • eit positivt og uformelt arbeidsmiljø
  • god forsikring
  • offentleg pensjonsordning (KLP)
  • Kr 20 000,- over garantiløn etter gjeldande tariff for barne- og ungdomsarbeidarar
  • Fagarbeidarar utan fagbrevet som er kravd, men som har fagbrev på anna fagområde, skal plasserast med stillingskode 6572-assistent, med same løn som ein fagarbeidar med relevant fagbrev for stillinga i hht tariff, jf. lønspolitisk plan 

 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

  • Företag
    Askvoll kommune
  • Ansökningstiden
    25.11.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Engagemang
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5949283
  • Se här för andra jobb från Askvoll kommune