• Bedrift
    Askvoll kommune
  • Søknadsfrist
    25.11.2024
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5949285
  • Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
Ledig stilling

Askvoll kommune

Undervisningsstilling ved Askvoll skule - 100% mellombels stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ved Askvoll skule har vi frå 02.01.2025 ledig ei 100% undervisningsstilling. Det er ei mellombels stilling ut skuleåret, men med moglegheit for forlenging. Seinare oppstart kan eventuelt avtalast.

Askvoll skule er ein 1- 10 skule med om lag 190 elevar i grunnskulen, og har for tida også om lag 30 elevar i vaksenopplæringa, fordelt på grunnskule for vaksne og norskopplæring. Skulen har per i dag 53 tilsette, og ligg i kommunesenteret i Askvoll kommune.

 

Arbeidsoppgåver:

Undervisningsstillinga omfattar primært arbeid på 5. - 7. trinn, i hovudsak med oppfølging av enkeltbarn.

 

Kvalifikasjonar:

Vi søkjer etter lærar med allsidig utdanning og erfaring frå opplæring av barn. Det er ønskjeleg med erfaring og kompetanse innan tilpassa opplæring og spesialundervisning.

Søkjarane må:

  • beherske norsk munnleg og skriftleg.
  • ha god kommunikasjonsevne
  • ha digital kompetanse
  • bidra til teamutvikling
  • vere engasjert og fagleg dyktige

 

For tilsetjing er det ønskjeleg at søkjar har godkjend undervisningskompetane, men også andre utdanningar som er relevante vert vurdert. Personlege eigenskapar vil og bli vektlagt.

 

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer deg som

  • kan jobbe sjølvstendig og strukturert
  • er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
  • kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
  • opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
  • er løysingsfokusert og utviklingsorientert
  • fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne

  

Vi tilbyr: 

 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.


Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

  • Bedrift
    Askvoll kommune
  • Søknadsfrist
    25.11.2024
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5949285
  • Se her for andre jobber fra Askvoll kommune