Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
10.11.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5918738Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
Askvoll kommune
Helsesjukepleiar - 100% fast stilling ved Askvoll helsestasjon
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ved helsestasjonen i Askvoll kommune har vi ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar.
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.
Helsestasjonen vår inneheld jordmorteneste og helsestasjon for barn og ungdom, skulehelseteneste og helsestasjonsteneste for flyktningar. Helsestasjonen legg vekt på tidleg innsats, der fleire tenester og faggrupper jobbar saman for å nå felles mål.
Helsestasjonen er lokalisert i fine lokale i sentrum av Askvoll, i tilknyting til Askvoll legesenter.
Arbeidsoppgåver:
- Helsefremmande og førebyggande oppgåver i samsvar med nasjonalfaglege retningslinjer for helsestasjon og skulehelsetenesta
- Helsestasjonskontrollar av barn i aldersgruppa 0-5 år, gjennomføring og oppfølging av barnevaksinasjonsprogrammet
- Skulehelseteneste, med oppfølging av elever individuelt og undervisning i grupper/ klassar
- Helsestasjon for ungdom
- Flyktninghelseteneste
- Tverrfagleg samarbeid
- Plan og systemarbeid
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som helsesjukepleiar
- Sjukepleiar under utdanning eller som ynskjer å ta utdanning som helsesjukepleiar må gjerne søkje, og kan verte mellombels tilsett i utdanningsforløpet med moglegheit til fast tilsetting etter ferdig utdanning.
- Ynskjeleg med erfaring frå helsestasjon og eller skulehelsetenesta
- Ynskjeleg med erfaring med foreldrerettleiing
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Den som blir tilsett må ha førarkort
- Det er krav om framlagd politiattest før oppstart
Personlege eigenskapar:
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er sjølvstendig, positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
- Like utfordringar og er løysingsorientert
- Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
- Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
Vi tilbyr:
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- Noko kveldsarbeid kan førekomme i samband med deltaking på foreldre møter
- Avtale om signeringsstipend på kr. 75 000, mot eit års bindingstid for helsesjukepleiar
- Lokalt tillegg på kr 40 000.- over garantiløn etter tariff for vernepleiarar og sjukepleiarar. Lokalt tillegg for vernepleiarar og sjukepleiarar vert ikkje aktivt før 2. tilsettingsår dersom ein inngår avtale om signeringsstipend.
- Lønn etter KS tariff og lokal lønsstige
- Gode ordningar for vidareutdanning
- Pensjonsordning i KLP
- Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
10.11.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5918738Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
-
Sjukepleiar 100% fast stilling ved Askvoll omsorgssenter - Smia/Fløyen/Omsorg 2
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Seksjonsleiar 100% vikariat ved bu- og miljøtenesta - utvida søknadsfrist
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Tilkallingsvikarar og helgevikarar - Omsorgsetaten
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Prosjekt – og aktivitetsleiar - 80% prosjektengasjement innan psykisk helse og rus – 2. gongs utlysing
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Helsefagarbeidar i Miljøtenesta 100 % fast stilling
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD