Företag
Statistisk sentralbyrå - SSBAnsökningstiden
12.05.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
2211, KONGSVINGER
KONGSVINGER
Antal befattningar
1Karriere-kod
6179968Se här för andra jobb från Statistisk sentralbyrå - SSB
Ledigt jobb
Statistisk sentralbyrå - SSB
Vil du jobbe med datainnsamling frå næringslivet?
Offentlig forvaltning
Seksjon for næringslivsundersøkingar har ansvar for å gjennomføre datainnsamling frå næringslivet, med vekt på tenester på Altinn-plattforma. Vi søkjer to nye medarbeidarar som skal bidra med planlegging av - og kontinuerleg forbetring og utvikling av SSB sine datainnsamlingar. Framover vil det vere eit større behov for å utvikle datafangstdesign for ulike typar foreliggjande data i kombinasjon med utvalsundersøkingar. Moderniseringa av Altinn gir rom for å utvikle nye innsamlingsdesign.
Kvalifikasjoner:
- Relevant utdanning på mastergradsnivå, til dømes innan samfunnsvitskap
- Gode IT kunnskapar og interesse for/erfaring med programmering, til dømes i Python og/eller R
- Erfaring med å samle inn data er ønskjeleg, alternativt erfaring frå statistikkproduksjon
- Team- og prosjektleiarerfaring og/eller erfaring med smidig metodikk er ønskjeleg
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
Personlige egenskaper:
- Har gode samarbeidsevner
- Har evne til å ta initiativ og motivere andre
- Kunne organisere og leie medarbeidarar i arbeidsteam
- Systematisk, analytisk og leveringsdyktig på eigenhand og saman med andre
- Utadvendt, omgjengeleg og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- Jobb i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag. Vi har stor tillit hos befolkninga og blant avgjerdstakarar, og som medarbeidar i SSB blir du del av eit stort fagmiljø
- Gode moglegheiter for utvikling, samarbeid og nettverksbygging. Vi har nytilsettprogram, årleg hackathon og arenaer for fagleg deling på tvers
- Stilling som førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar i lønnsspenn p.t. kr 524 000 - 759 100. Stillingskode og lønn blir fastsett ut frå kvalifikasjonane dine. Høgare lønn kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte
- Fleksitid, betalt overtid og sommartid i perioden 15. mai til og med 14. september
- Godt miljø også utanom arbeidstid, med idrettstilbod og ulike sosiale aktivitetar. Du kan trene éin time i veka i arbeidstid, med treningsrom i kontorlokala
Medlemskap i Statens pensjonskasse, som betyr at du får ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår - Arbeidsplass i SSB sine lokale i nytt bygg ved Kongsvinger stasjon
Verd å merke seg: - For at vi skal best mogleg skal kunne vurdere søknaden din treng vi at du innan søknadsfristen registrerer relevant dokumentasjon i den elektroniske søkjeportalen (attestar, vitnemål osb.). For kandidatar som vi vurderer å tilsetje kan vi utføre bakgrunnssjekk og kontroll av dokumentasjon.
- Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste, som kan bli gjort tilgjengeleg for dei som ber om innsyn i lista. Det er mogleg å få unntak frå denne søkjarlista. Då må du i så fall grunngi kvifor du ønskjer unntak. Vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss.
- SSB skal vere ein god stad å jobbe for alle, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å løyse framtidsoppgåvene. SSB jobbar for ei positiv utvikling i talet på tilsetjingar av personar med innvandrarbakgrunn, funksjonsnedsetjing og/eller mellombels fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring. Viss dette gjeld deg, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer på stillinga. Det gir deg moglegheit for å få positiv særbehandling. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Dersom du har behov for særskild tilrettelegging vil vi strekkje oss langt for å komme behovet ditt i møte.
Företag
Statistisk sentralbyrå - SSBAnsökningstiden
12.05.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
2211, KONGSVINGER
KONGSVINGER
Antal befattningar
1Karriere-kod
6179968Se här för andra jobb från Statistisk sentralbyrå - SSB
-
Førstekonsulent/rådgivar/ seniorrådgivar
Statistisk sentralbyrå - SSB
KONGSVINGER -
Fleire faste stillingar som kontaktperson
Øygarden kommune
STRAUME -
Ingeniør veg 100% fast
Øygarden kommune
STRAUME -
Ferievikarar Helse og velferd 2025
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar 100% fast
Øygarden kommune
Ågotnes