Ledig stilling

Statistisk sentralbyrå - SSB

Vil du  jobbe med datainnsamling frå næringslivet?

Offentlig forvaltning

Seksjon for næringslivsundersøkingar har ansvar for å gjennomføre datainnsamling frå næringslivet, med vekt på tenester på Altinn-plattforma. Vi søkjer to nye medarbeidarar som skal bidra med planlegging av - og kontinuerleg forbetring og utvikling av SSB sine datainnsamlingar. Framover vil det vere eit større behov for å utvikle datafangstdesign for ulike typar foreliggjande data i kombinasjon med utvalsundersøkingar. Moderniseringa av Altinn gir rom for å utvikle nye innsamlingsdesign.

Kvalifikasjoner:

  • Relevant utdanning på mastergradsnivå, til dømes innan samfunnsvitskap
  • Gode IT kunnskapar og interesse for/erfaring med programmering, til dømes i Python og/eller R
  • Erfaring med å samle inn data er ønskjeleg, alternativt erfaring frå statistikkproduksjon
  • Team- og prosjektleiarerfaring og/eller erfaring med smidig metodikk er ønskjeleg
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet

Personlige egenskaper:

  • Har gode samarbeidsevner
  • Har evne til å ta initiativ og motivere andre
  • Kunne organisere og leie medarbeidarar i arbeidsteam
  • Systematisk, analytisk og leveringsdyktig på eigenhand og saman med andre
  • Utadvendt, omgjengeleg og bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr:

  • Jobb i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag. Vi har stor tillit hos befolkninga og blant avgjerdstakarar, og som medarbeidar i SSB blir du del av eit stort fagmiljø
  • Gode moglegheiter for utvikling, samarbeid og nettverksbygging. Vi har nytilsettprogram, årleg hackathon og arenaer for fagleg deling på tvers
  • Stilling som førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar i lønnsspenn p.t. kr 524 000 - 759 100. Stillingskode og lønn blir fastsett ut frå kvalifikasjonane dine. Høgare lønn kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte
  • Fleksitid, betalt overtid og sommartid i perioden 15. mai til og med 14. september
  • Godt miljø også utanom arbeidstid, med idrettstilbod og ulike sosiale aktivitetar. Du kan trene éin time i veka i arbeidstid, med treningsrom i kontorlokala
    Medlemskap i Statens pensjonskasse, som betyr at du får ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår
  • Arbeidsplass i SSB sine lokale i nytt bygg ved Kongsvinger stasjon

    Verd å merke seg:
  • For at vi skal best mogleg skal kunne vurdere søknaden din treng vi at du innan søknadsfristen registrerer relevant dokumentasjon i den elektroniske søkjeportalen (attestar, vitnemål osb.). For kandidatar som vi vurderer å tilsetje kan vi utføre bakgrunnssjekk og kontroll av dokumentasjon. 
  • Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste, som kan bli gjort tilgjengeleg for dei som ber om innsyn i lista. Det er mogleg å få unntak frå denne søkjarlista. Då må du i så fall grunngi kvifor du ønskjer unntak.  Vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss.
  • SSB skal vere ein god stad å jobbe for alle, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å løyse framtidsoppgåvene. SSB jobbar for ei positiv utvikling i talet på tilsetjingar av personar med innvandrarbakgrunn, funksjonsnedsetjing og/eller mellombels fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring. Viss dette gjeld deg, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer på stillinga. Det gir deg moglegheit for å få positiv særbehandling. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Dersom du har behov for særskild tilrettelegging vil vi strekkje oss langt for å komme behovet ditt i møte.