Bedrift
Statistisk sentralbyrå - SSBSøknadsfrist
05.01.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0177, OSLO
OSLO
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5990803Se her for andre jobber fra Statistisk sentralbyrå - SSB
Statistisk sentralbyrå - SSB
Statistikar innan arbeidsmarknad
Offentlig forvaltning
Seksjon for arbeidsmarkeds- og lønnsstatistikk søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar til å laga, formidla og vidareutvikla statistikk. Me ser etter deg som vil vera med å ta vare på samfunnsoppdraget ved å utarbeida relevant statistikk om tilknytinga befolkninga har til arbeidsmarknaden, og som har god tal-, metode- og IT-forståing. Du skal jobba med statistikkproduksjon, samt leveransar av tabell- og analyseoppdrag. Me ønskjer oss deg som har kompetanse og interesse for statistikk, arbeidsmarknaden og relevante databehandlarverktøy. Du er ein medarbeidar som er villig til å dela kompetanse med andre, har gode samarbeidsevner og er interessert i korleis ein kan forbetra og utvikla statistikkar.
Kvalifikasjoner:
- Utdanning på hovudfags-/masternivå, helst med samfunnsvitskapleg bakgrunn eller innan statistikk. Relevant arbeidserfaring kan kompensera for utdanningskravet.
- Kjennskap til fagområde arbeid og lønn.
- Gode IT-kunnskapar, til dømes i bruk av Python.
- God talforståing og evna til å setja tal inn i ein større samanheng.
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk.
Det er ønskeleg med:
- erfaring eller kjennskap til statistikkproduksjon og analyse
- kompetanse på statistiske metodar, fortrinnsvis med sesongjustering
Personlige egenskaper:
- Du liker å setja deg inn i problemstillingar og store mengder informasjon.
- Du har gode evner til samarbeid og bidrar positivt i team.
- Du tek initiativ og bidreg til framdrift.
- Du er strukturert og nøyaktig med god gjennomføringsevne.
- Du har gode analytiske evne.
Kvifor skal du velja oss?
Hos oss vil du vere ein del av eit godt fagleg miljø med gode moglegheiter for eigenutvikling og fagleg fridom. Me er ein kunnskaprik organisasjon med meiningsfulle og spanande oppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag. Me har eit uformelt og hyggeleg arbeidsmiljø.
Vi tilbyr:
- Løn som fyrstekonsulent/rådgjevar (1408/1434) i lønsspenn frå kr. 515 000 til 655 000 etter kvalifikasjonar. Høgare løn kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte.
- Gode høve for utvikling, samarbeid og nettverksbygging. Me har nytilsettprogram, årleg hackathon og arrangement for fagleg deling på tvers.
- Aktive velferds- og idrettsforeiningar, med idrettsaktivitetar som fotball, innebandy og løping.
- Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
- Treningstilbod med moglegheit for ein time trening i veka, med treningsrom i kontorlokalane.
Verdt å merke seg før du søker
- Attestar/vitnemål/karakterutskrift skal registrerast/verte lagde ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Me ber søkjarar som blir kalla inn til intervju om å ta med originalar eller stadfesta kopiar av attestar og vitnemål. Me utfører kontroll av dokument, og me gjennomfører bakgrunnsjekk på kvalifiserte søkjarar for tilsetjing.
- Me gjer merksam på at opplysningar som søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste vert utforma.
- Me meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer difor medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Me vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Døme på det kan vere tekniske hjelpemiddel, fysisk tilrettelegging eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
- Me oppmodar søkjarar til å krysse av dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkyssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
- Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst éin søkjar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie, bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.
Bedrift
Statistisk sentralbyrå - SSBSøknadsfrist
05.01.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0177, OSLO
OSLO
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5990803Se her for andre jobber fra Statistisk sentralbyrå - SSB
-
Heimehjelp - heimetenesta i Balestrand
Sogndal kommune
Balestrand -
Pedagogisk leiar - Skattebøl barnehage
Ål Kommune
ÅL -
Fagarbeidar/assistent - Skattebøl barnehage
Ål Kommune
ÅL -
Er du vår nye IT-medarbeidar?
Utdanningsdirektoratet
OSLO -
Vernepleiar/sjukepleiar med fagansvar ved Miljøterapitenesta, Helsetunvegen
Gol kommune
GOL