Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
03.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5978054Se her for andre jobber fra Gol kommune
Gol kommune
Vernepleiar/sjukepleiar med fagansvar ved Miljøterapitenesta, Helsetunvegen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
100 % vikariat frå 01.01.2025-31.12.2025
Vi søkjer:
Miljøterapitenesta yt tenester til personar i eigen heim, dagtilbod og avlastning. Felles er at dei er i behov for bistand til å meistre liva sine. Bistanden kan være tilsyn, aktivisering, tilrettelegging eller ulike formar for praktisk bistand. Arbeidsoppgåvene er varierte, dagane har ofte høgt tempo og krev fleksibilitet.
Helse- og omsorgssektoren i Gol er nå inne i ein prosess kalla Tenestekonseptutvikling, der vi arbeider med ei framtidsretta organisering av tenestene, ei organisering som også tek høgde for dei nye utfordringane kommunane vil møte i framtida.
Miljøterapitenesta er den største avdelinga i helse- og omsorg Gol og vi er i behov av ein sjukepleiar/vernepleiar som er opptatt av å sette brukar i fokus, skape meiningsfylte kvardagar, samt å bidra aktivt inn i utviklinga av fagmiljøet. Vårt faglege arbeid er knytt til dagleg oppfølging av planer og tiltak.
Stillinga er dagtid måndag til fredag, og tredje kvar helg (laurdag og søndag) med fri fredag i forkant og påfølgjande måndag.
Har du stor arbeidskapasitet, er strukturert og sjølvstendig, har evne til å veilede og gode samarbeidsevner – då håpar vi du søkjer hos oss!
Arbeidsoppgåver:
• Saksbehandling og oppfølging av vedtak, irekna utarbeiding og oppfølging av vedtak etter hol. kap. 9 og pbrl. 4A
• Oppfølging av brukarane si fysiske og psykiske helse
• Opplæring og veiledning av tilsette
• Oppdatere, implementere og følgje opp nasjonale veiledarar, lovendringar o.l.
• Sikre god kontakt og oppfølging av pårørande, verger, fastlege, spesialisthelsetenesta og andre instansar internt og eksternt
• Koordinere og følgje opp det faglege arbeidet i interne og eksterne grupper
• Kartlegge, iverksette og evaluere det miljøterapeutiske arbeide
• Utarbeide rutinar og prosedyrar
• Bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø
• Dokumentere i kommunens dokumentasjonssystem Gerica
• Legemiddelhandtering
• Rettleie studentar, lærlingar og elevar
• Stillinga kan bli tillagt andre oppgåver
Kvalifikasjonar:
• Bachelor i Vernepleie eller sjukepleie, norsk autorisasjon.
• God kunnskap og ferdigheit knytt til data og IKT
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne
• Førarkort klasse B
Vi ynskjer at du har:
• Kompetanse i målretta miljøarbeid
• Kunnskap om og erfaring med aldring, utviklingshemming og epilepsi
• Kjennskap til Helse- og omsorgstjenesteloven kapittel 9
• Kjennskap til Pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A
• Gode samarbeidsevner, evne til omstilling og er løysningsorientert
• Grunnleggjande IKT-ferdigheitar
• Erfaring i bruk av velferdsteknologi og teknologi for brukarane
Vi tilbyr:
• Ein interessant og utfordrande jobb med varierte og spennande arbeidsoppgåver
• Opplæring og fagleg rettleiing
• Trivelege, nysgjerrige, engasjerte og dyktige kollegaer med godt samhold
• God pensjonsordning
• Gratis tilgang til treningsstudio i Gol Idrettsarena (GOLIAT)
For stillinga gjeld:
• Tilsetting etter lov og avtaleverk
Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden
• Under Arbeidserfaring i søknaden, må du oppgi tidligere arbeidsgivere og laste opp attest/tjenestebevis fra disse. Har du ikke tjenestebevis må du legge ved vedlegg som seier noe om dette
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
03.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5978054Se her for andre jobber fra Gol kommune
- Ditt lokale arbeidsmarked
- Del annonsen i eget nettverk
- Over 100.000 CVer registrert
- Motta alle søknader ett sted