Ledigt jobb

Sunnfjord kommune

Sjukepleiar/vernepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Førde heimeteneste eining 1 held til ved Førde omsorgssenter. Vi yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til bebuarar i 78 omsorgsbustadar knytt til Førde omsorgssenter og området rundt. Eininga har i dag rett i overkant av 39 årsverk. Vi erfarer stor grad av kollegastøtte, der det samla er mykje kompetanse, både gjennom formell vidareutdanning, men også opparbeida gjennom praksis. Vi ønskjer å vere ei levande teneste med framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode tenester til innbyggjarane våre!

Vi har ledig:
  • 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar
Arbeidsoppgåvene er mellom anna:
  • tilrettelegge, utvikle og koordinere sjukepleiefaglege tiltak for brukarane
  • primærkontaktarbeid
  • utføre praktiske sjukepleiaroppgåver og observere tilstand og behov hos brukar
  • samarbeid med brukar, pårørande, fastlegar og spesialisthelsetenesta
  • samarbeid med både kommunale og eksterne aktørar innan mellom anna sektorane omsorg, helse- og sosial
  • kunnskapsdeling gjennom vegleiig og opplæring av studentar og nytilsette
  • ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet CosDoc
  • delar av arbeidet er også av meir administrativ art, mellom anna behandling av e-meldingar og medikamentoppfølging

Stillingane er i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Krav til søkar:
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning innan geriatri, lindrande bahandling, psykisk helsearbeid og liknande
  • beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • grunnleggande datakunnskap, då mobiltelefon og PC er viktig arbeidsvektøy i arbeidskvardagen vår
Vi søker deg som:
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • er sjølvstendig og kan ta eigne vurderingar og avgjersler
  • er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • delar og etterspør aktuell kunnskap
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • er positiv, ser moglegheiter, bidreg til utvikling og arbeidar aktivt for å nå dei måla vi set oss
  • er ny-tenkande og kreativ

Personlege eigenskapar vert vektlagd.


Vi kan tilby:
  • engasjerte kollegaer og leiarar i eit inkluderande miljø
  • faglege utfordringar
  • moglegheit for fag- og kompetanseutvikling
  • ein triveleg arbeidsplass du kan vere stolt av

Du søker elektronisk. Politiattest av nyare dato må leverast før du startar i stillinga.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!