Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
06.11.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5931180Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Sjukepleiar/vernepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Førde heimeteneste eining 1 held til ved Førde omsorgssenter. Vi yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til bebuarar i 78 omsorgsbustadar knytt til Førde omsorgssenter og området rundt. Eininga har i dag rett i overkant av 39 årsverk. Vi erfarer stor grad av kollegastøtte, der det samla er mykje kompetanse, både gjennom formell vidareutdanning, men også opparbeida gjennom praksis. Vi ønskjer å vere ei levande teneste med framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode tenester til innbyggjarane våre!
Vi har ledig:- 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar
- tilrettelegge, utvikle og koordinere sjukepleiefaglege tiltak for brukarane
- primærkontaktarbeid
- utføre praktiske sjukepleiaroppgåver og observere tilstand og behov hos brukar
- samarbeid med brukar, pårørande, fastlegar og spesialisthelsetenesta
- samarbeid med både kommunale og eksterne aktørar innan mellom anna sektorane omsorg, helse- og sosial
- kunnskapsdeling gjennom vegleiig og opplæring av studentar og nytilsette
- ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet CosDoc
- delar av arbeidet er også av meir administrativ art, mellom anna behandling av e-meldingar og medikamentoppfølging
Stillingane er i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Krav til søkar:- norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning innan geriatri, lindrande bahandling, psykisk helsearbeid og liknande
- beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- grunnleggande datakunnskap, då mobiltelefon og PC er viktig arbeidsvektøy i arbeidskvardagen vår
- er fleksibel og likar utfordringar
- er sjølvstendig og kan ta eigne vurderingar og avgjersler
- er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
- delar og etterspør aktuell kunnskap
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- er positiv, ser moglegheiter, bidreg til utvikling og arbeidar aktivt for å nå dei måla vi set oss
- er ny-tenkande og kreativ
Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Vi kan tilby:
- engasjerte kollegaer og leiarar i eit inkluderande miljø
- faglege utfordringar
- moglegheit for fag- og kompetanseutvikling
- ein triveleg arbeidsplass du kan vere stolt av
Du søker elektronisk. Politiattest av nyare dato må leverast før du startar i stillinga.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
06.11.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5931180Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
-
Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar
Aukra kommune
AUKRA -
Sjukepleiar/vernepleiar i Miljøtenesta 100 % fast stilling
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Sjukepleiar 60% stilling
Aukra kommune
AUKRA -
Sjukepleiar - Molværsvegen 15/17/19
Sula kommune
LANGEVÅG -
Kontaktperson i HAFS Barnevernteneste- 100% fast stilling
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD