Ledig stilling

Kvam Herad i Brønnøysund

Sjukeheimslege

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kvam herad har ledig 100% stilling som sjukeheimslege ved Toloheimen i Norheimsund. Me søkjer deg som er spesialist i allmennmedisin med interesse for sjukeheimsmedisin, eller er spesialist i geriatri. Legar i spesialisering er også velkomne til å søkja.

Sjukeheimslegen ved Toloheimen vil ha ansvar for 16 korttidsplassar ved Kvam behandling og rehabiliteringsavdeling, inkludert KAD-eining med ein sengeplass. Vidare vil sjukeheimslegen ha ansvar for ei langtidsavdeling med 16 plassar på Toloheimen, og 5 langtidsplassar ved Strandebarm omsorg.

Kommunen har tilsett sjukeheimslege i 40% som har ansvar for pasientar ved Øysteseheimen (28 langtidsplassar). LIS1 har også oppgåver innan sjukeheimsmedisin.

Sjukeheimslegen samarbeider tett med sjukepleiar og fagarbeidarar på avdelingane, fysio- og ergoterapi avdelinga som har base på Toloheimen, legevakta som ligg på Toloheimen samt dagsenter og andre hjelpetenester.

Om kommunen vår

Kvam herad har om lag 8500 innbyggjarar. Kommunen strekkjer seg langs vestsida av Hardangerfjorden. Det er godt kollektivtilbod til Bergen. Reisetid til Bergen sentrum er 1 time og 15 minutt. Her kan du lesa meir om korleis det er å flytta til Kvam: https://www.kvam.no/velkomen-til-kvam/dragning-til-kvam/

Kommunen har ei velfungerande helse- og omsorgsteneste, med institusjonar innan heildøgns omsorg og pleie fleire stader i kommunen. Kommunen har legesenter i Øystese og Norheimsund, og utekontor i Ålvik og Strandebarm. Kommunen satsar på heimetenestene, og i tråd med "Bu trygt heime"-reforma vil kommunen leggje til rette for at eldre skal bu heime lengst mogeleg.

Arbeidsoppgåver

  • Medisinsk oppfølging av pasientar i sjukeheim (utgreiing, behandling og oppfølging)
  • Systemansvar for institusjonane i Kvam
  • Pårørandesamtalar
  • Rådgjeving og rettleiing av helsepersonell i tenesta - medisinskfagleg rådgjevar for sjukeheimstenesta
  • Tverrfagleg samarbeid:

- Samhandling med sjukehus, fastlegar og andre faggrupper på sjukeheimen

- Bidra i demensteam og bidra i rettleiing av pårørande til pasientar med demenssjukdom

- Bidra i inntaksmøter

  • Bidra i kvalitets- og utviklingsarbeid innan sjukeheimsmedisin
  • Det er eit ønskje, men ikkje eit krav at lege deltek i legevaktsordning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialisering innan allmennmedisin eller geriatri er ei føremon, men lege med gjennomført LIS1 kan også søkja
  • Erfaring, interesse og kompetanse innan sjukeheimsmedisin
  • God norsk muntleg og skriftleg fremstillingsevne
  • Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • Interesse for sjukeheimsmedisin
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med samarbeidande helsepersonell
  • Evne til å inspirera kollegaer kring deg

Vi tilbyr

  • Godt fagmiljø og engasjerte kollegaer
  • Faglege og personlege utfordringar i eit raust, kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Ein svært meiningsfull jobb med varierte og spennande arbeidsdagar
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.