Ledig stilling

Kvam Herad i Brønnøysund

Gruppeleiar Natt-tenesta

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me søkjer etter ein fagleg engasjert gruppeleiar for natt-tenesta i Kvam. Stillinga er i 100 % stilling, der 60 % er leiar for natt-tenesta og 40 % er knytt til fagleg utviklingsarbeid. Som gruppeleiar vil du ha eit tett samarbeid med dei andre leiarane i pleie og omsorg.

Natt-tenesta gjev tenester til pasientar og brukarar i heildøgnsomsorg, i heimetenesta og til menneske med utviklingshemming. Gruppa jobbar fleksibelt og samarbeider på tvers av dei ulike gruppene. Natt-tenesta er organisert i tenester til heimebuande.

Arbeidsoppgåver

  • Administrative oppgåver, drift- og utvikling innan personal og økonomi
  • Driva og delta aktivt i kontinuerleg forbetringsarbeid og endringsarbeid
  • Fagleg rettleiing til personalgruppa
  • Bemanning- og arbeidstidsplanlegging

Kvalifikasjonar

  • Min 3- års relevant høgskuleutdanning innan helse eller sosialfag
  • Leiarutdanning eller leiarerfaring
  • Stillinga høver for deg som ønskjer utviklingsoppgåver, som er løysingsorientert og kan handtera ulike utfordringar på ein fleksibel måte
  • Du må kunne leiar etter vedtekne mål og rammer for tenesta
  • Me ønskjer ein leiar som kan kommunisera tydelege forventningar, gje tilbakemeldingar og legge til rette for utvikling gjennom å involvera og gje ansvar til medarbeidarane

Personlege eigenskapar

Me ynskjer deg som:

  • Har stor arbeidskapasitet, gode samarbeidsevne og viser engasjement og fleksibilitet
  • Kan jobba sjølvstendig og i team
  • Har eit støttande, relasjonsorientert og tillitsbasert leiarskap

Vi tilbyr

  • Varierte, lærerike og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit tverrfagleg, nyskapande og løysingsorientert arbeidsmiljø
  • Løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.

Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette