• Företag
    Askvoll kommune
  • Ansökningstiden
    10.02.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6030085
  • Se här för andra jobb från Askvoll kommune
Ledigt jobb

Askvoll kommune

Reinhaldar Askvoll skule, 50% vikariat frå 01.03.2025-17.08.2025

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi søkjer ein strukturert og sjølvstendig reinhaldar i 50% vikariat med mogelegheit for forlenging/fast stilling. 

Vikariatet er ledig frå 01.03.25 – 17.08.25, og arbeidstida er måndag til fredag frå kl 14:00. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Utføre dagleg og periodisk reinhald
  • Reinhald av undervisingsdel og idrettshall
  • Maskinelt reinhald
  • Smitteførebyggjande reinhald

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig
  • Du må kunne gjere deg forstått munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og sjølvstendig
  • Oppteken av kvalitet
  • Engasjert i reinhaldsfaget og fleksibel
  • Er pliktoppfyllande og kan samarbeide

Vi tilbyr: 

 

Vi ser fram til å høyre frå deg.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

  • Företag
    Askvoll kommune
  • Ansökningstiden
    10.02.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6030085
  • Se här för andra jobb från Askvoll kommune