Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
09.02.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6036980Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Rådgjevar innan cyber- og informasjonssikkerheit
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
SySIKT KO er IKT-samarbeidet for 8 kommunar i Sunnfjord og Sogn, og med sine 20 tilsette er vi blant dei største og leiande IKT-miljøa i Sogn og Fjordane. Vår overordna visjon er å utnytte moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi for å skape kvalitativt gode tenester. SySIKT har ansvar for forvaltning og drift av IKT-løysingane i kommunane.
Vil du vere med på å utvikle og drifte vårt styringssystem, samt arbeide med risikostyring og førebyggande arbeid innan datasikkerheit og personvern? Vi søker no etter:
Rådgjevar innan cyber- og informasjonssikkerheit
Om stillinga
Brenn du for cybersikkerheit? Er du interessert i teknologi og ønskjer å bidra til å forsvare kommunane i SySIKT mot truslar i det digitale rom? Då bør du søke hos SySIKT KO!
SySIKT søker ein rådgjevar innan cyber- og informasjonssikkerheit i 100 % fast stilling. Du vil få jobbe med spennande og varierte oppgåver i ein dynamisk organisasjon med stadig nye utfordringar innan cyber- og IKT-sikkerheit.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver vil kunne tilpassast etter erfaring, kompetanse eller interesseområde, og kan blant anna omfatte:
- Vidareutvikle og vedlikehalde SySIKT sitt styringssystem for informasjonssikkerheit og personvern.
- Følgje opp innkommande saker og førespurnader som ein del av eit sikkerheitsforum.
- Rådgjeving innan cybersikkerheit, informasjonssikkerheit, risikostyring og personvern.
- Planleggje og legg til rette for beredskapsøvingar.
- Bistå organisasjonen innan sikkerheitsstyring, risikostyring og verksemdstyring.
- Vedlikehalde rettleiing og dokumentasjon for informasjonssikkerheit.
- Arbeide med sikkerheitskultur, opplæring og formidling.
Kvalifikasjonskrav
- Utdanning innan IT-drift, informatikk eller informasjonssikkerheit. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk.
- Må kunne sikkerheitsklarerast.
Ønska kvalifikasjonar
- God kjennskap til risikostyring, sikkerheitsstyring og risikovurderingar.
- Kjennskap til ein eller fleire ISO 27000-seriar.
- Kjennskap til NSM sine grunnprinsipp for IT-sikkerheit og sikkerheitsstyring.
- Erfaring med styringssystem for informasjonssikkerheit og personvern.
- God kjennskap til personvern / GDPR.
- Forståing for samspelet mellom teknologi, menneske, sikkerheit og samfunn.
- Erfaring med formidling gjennom kurs, foredrag el.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Høg grad av personleg integritet og ansvarskjensle.
- Kunne arbeide sjølvstendig, vere strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Gode samarbeidsevner, vere komfortabel med å arbeide i team og å rettleie andre.
- Nysgjerrig og søkande etter ny kunnskap.
Vi kan tilby
- Godt arbeidsmiljø.
- Løn etter avtale.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Gode vilkår for utvikling og kompetanseheving.
Vi er ute etter rett person for jobben og oppfordrar deg til å søke sjølv om du ikkje oppfyller alle våre ønskje. At søkar er personleg eigna vil bli tillagt stor vekt i vurderinga.
Nærare informasjon, ta kontakt med dagleg leiar Stein Mortensbakke, tlf. 970 52 233, e-post: stein.mortensbakke@sysikt.no eller driftsleiar Jermund Sandvik, tlf. 480 90 805, e-post: jermund.sandvik@sysikt.no.
Velkomen som søkar. Vi gler oss til å høyre frå deg!
Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
09.02.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6036980Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune