Vacancy

Sunnfjord kommune

Rådgjevar innan cyber- og informasjonssikkerheit

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

SySIKT KO er IKT-samarbeidet for 8 kommunar i Sunnfjord og Sogn, og med sine 20 tilsette er vi blant dei største og leiande IKT-miljøa i Sogn og Fjordane. Vår overordna visjon er å utnytte moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi for å skape kvalitativt gode tenester. SySIKT har ansvar for forvaltning og drift av IKT-løysingane i kommunane.

Vil du vere med på å utvikle og drifte vårt styringssystem, samt arbeide med risikostyring og førebyggande arbeid innan datasikkerheit og personvern? Vi søker no etter: 

Rådgjevar innan cyber- og informasjonssikkerheit

 

Om stillinga

Brenn du for cybersikkerheit? Er du interessert i teknologi og ønskjer å bidra til å forsvare kommunane i SySIKT mot truslar i det digitale rom? Då bør du søke hos SySIKT KO!

SySIKT søker ein rådgjevar innan cyber- og informasjonssikkerheit i 100 % fast stilling. Du vil få jobbe med spennande og varierte oppgåver i ein dynamisk organisasjon med stadig nye utfordringar innan cyber- og IKT-sikkerheit.

 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver vil kunne tilpassast etter erfaring, kompetanse eller interesseområde, og kan blant anna omfatte:

  • Vidareutvikle og vedlikehalde SySIKT sitt styringssystem for informasjonssikkerheit og personvern.
  • Følgje opp innkommande saker og førespurnader som ein del av eit sikkerheitsforum.
  • Rådgjeving innan cybersikkerheit, informasjonssikkerheit, risikostyring og personvern.
  • Planleggje og legg til rette for beredskapsøvingar.
  • Bistå organisasjonen innan sikkerheitsstyring, risikostyring og verksemdstyring.
  • Vedlikehalde rettleiing og dokumentasjon for informasjonssikkerheit.
  • Arbeide med sikkerheitskultur, opplæring og formidling.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning innan IT-drift, informatikk eller informasjonssikkerheit. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk.
  • Må kunne sikkerheitsklarerast.

Ønska kvalifikasjonar

  • God kjennskap til risikostyring, sikkerheitsstyring og risikovurderingar.
  • Kjennskap til ein eller fleire ISO 27000-seriar.
  • Kjennskap til NSM sine grunnprinsipp for IT-sikkerheit og sikkerheitsstyring.
  • Erfaring med styringssystem for informasjonssikkerheit og personvern.
  • God kjennskap til personvern / GDPR.
  • Forståing for samspelet mellom teknologi, menneske, sikkerheit og samfunn.
  • Erfaring med formidling gjennom kurs, foredrag el.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Høg grad av personleg integritet og ansvarskjensle.
  • Kunne arbeide sjølvstendig, vere strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Gode samarbeidsevner, vere komfortabel med å arbeide i team og å rettleie andre.
  • Nysgjerrig og søkande etter ny kunnskap.

Vi kan tilby

  • Godt arbeidsmiljø.
  • Løn etter avtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode vilkår for utvikling og kompetanseheving.

 

Vi er ute etter rett person for jobben og oppfordrar deg til å søke sjølv om du ikkje oppfyller alle våre ønskje. At søkar er personleg eigna vil bli tillagt stor vekt i vurderinga.

Nærare informasjon, ta kontakt med dagleg leiar Stein Mortensbakke, tlf. 970 52 233, e-post: stein.mortensbakke@sysikt.no eller driftsleiar Jermund Sandvik, tlf. 480 90 805, e-post: jermund.sandvik@sysikt.no.

 

Velkomen som søkar. Vi gler oss til å høyre frå deg!