Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
02.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5996235Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Miljøterapeut
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Psykisk helse og rus i Sunnfjord kommune er ei eining som er delt i fire soner. I Naustdal, på Vassenden, i Førde og på Sande.
Vi er ei eining som gjev tilbod om samtaleoppfølging og praktisk bistand til personar med psykisk helse- og rusutfordringa heimehøyrande i kommunen. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerlig oppfølging, med trygge og føreseielege rammer.
Vi har eit tett samarbeid med jobbspesialistar.
I eininga er vi omlag 21 årsverk fordelt på dei ulike sonene. I tillegg har vi tilsett erfaringskonsulent i prosjektstilling. Dei tilsette innehar stor grad av fagleg kompetanse og er oppteken av å yte gode tenester. Vi jobbar i team, men mykje av arbeidet er også ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet og fordrar at ein er trygg på eigne avgjerdsle.
Vi ynskjer å finne ein dyktig fagperson som kan bidra positivt inn i eininga vår. Vi håpar det er deg.
Oppmodar menn om å søke, då vi ynskjer å ha ei jamnare fordeling av kvinner og menn i eininga vår
Ledig eitt års vikariat i 100 % stilling som miljøterapeut.
Stillinga er dagarbeid og ligg til sone Sande.
Kvalifikasjonar:
Det er ynskjeleg at ein har medisinsk-fagleg kompetanse. Anna relevant kompetanse innan helse- og sosialfag vert også vurdert.
Ynskjeleg med erfaring tdanning innan feltet rus og rusproblematikk, eller psykisk helsearbeid, men ikkje eit absolutt krav. Anna relevant erfaring vil også verte vurdert.
Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter. Søkar må ha førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar vert vektlagt i stor grad og vi ser etter deg som:
- har gode samarbeidsevner
- er positiv, nysgjerrig og reflekterande
- er strukturert
- er sjølvstendig og trygg
- er fleksibel og løysningsorientert
- bidreg positivt i arbeidsmiljøet
Arbeidsoppgåver :
- oppfølging av tenestemottakarar
- dokumentere i relevante fagsystem
- arbeide tett og tverrfagleg med samarbeidspartar
- bidra i felleskap til planlegging og systematisering av arbeidsdagen
Vi tilbyr:
- tverrfagleg arbeid
- engasjerte kollegaer og leiarar
- godt arbeidsmiljø
- faglege utfordringar
- løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tiltreding 01.04.2025.
Du må søke elektronisk.
Velkommen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
02.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5996235Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
-
Fysioterapeut
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Helsesjukepleiar - 100% fast stilling ved Askvoll helsestasjon - 2. gongs utlysing
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Einingsleiar
Sunnfjord kommune
FØRDE -
2 helgestillingar i 15 % fast
Øygarden kommune
STRAUME -
Einingsleiar for ny eining - Barn og familie - Oppvekst
Øygarden kommune
STRAUME