• Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    29.01.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6040, VIGRA
    GISKE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6016806
  • Look here for other jobs from Giske Kommune
Vacancy

Giske Kommune

Lærar ved Vigra skule, vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vigra skule har ledig inntil 100 % vikar-stilling som lærar frå snarast og t.o.m. 20.06.2025.

Vigra skule er ein 1-7 skule med 194 elevar og med ca 73 barn i SFO. Visjonen "Vi flyg saman" er samskapt av foreldre, elevar og tilsette. Den symboliserer grågåsflokken som flyg høgt og langt, øver opp leiarskap og der ein både kan støtte og utfordre kvarandre. 

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Lærarutdanning, 1-7 eller 5-10, men søkjarar med annan relevant utdanning kan og bli vurderte.
  • Kompetanse på å legge til rette for gode og tilpassa læringserfaringar.
  • God kompetanse i klasseleiing.
  • God digital kompetanse.
  • Godt norsk språk – skriftleg og munnleg.

Personlige egenskaper:

  • Fagleg og personleg tryggheit.
  • Vilje til tett og konstruktivt samarbeid med elevar, kollegaer og foresatte om meistring, læring og trivsel.
  • Evne til å skape gode relasjonar og tillit.
  • Evne til tydeleg kommunikasjon og grensesetting.
  • Vilje og evne til fleksibilitet, løysingsvilje og til å ha barn sitt beste i fokus. 

Vi tilbyr:

  • Eit digitalt og framtidsretta læringsfellesskap.
  • Vi arbeider for å skape gode læringserfaringar for elevane i eit trygt og utforskande miljø.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
 

  • Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    29.01.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6040, VIGRA
    GISKE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6016806
  • Look here for other jobs from Giske Kommune