Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
02.01.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5995069Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Giske Kommune
Barne-og ungdomsarbeidar og barne-og ungdomsarbeidar med teiknspråkkompetanse ved Valderøy barneskule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig 2 x 100 % stillingar som barne- og ungdomsarbeidar ved Valderøy barneskule og SFO. Begge stillingane er ledige frå snarast og følgjer normalarbeidsår.
Valderøy barneskule er ein 1 – 7 skule med ca. 450 elevar. Rundt 170 av desse går på SFO. Visjonen vår er «Med hjarte for læring» - med fokus på vekst og varme.
Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønsker å gi alle ei reel mogelegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
Skulen er fulldigitalisert med nettbrett 1:1.
Menn blir oppfordra til å søkje.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Vi ønsker helst søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men helsefagarbeidarar og andre kan også søkje.
- Det er ønskjeleg med teiknspråkkompetanse.
- Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid.
- Kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra.
- Kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog.
- Vere trygg i konflikthandtering.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
Personlige egenskaper:
- Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar.
- Tydeleg og omsorgsfull vaksen.
- Evne og vilje til å møte barnet der det er og ha barnet sitt beste i fokus.
- Initiativrik, løysingsorientert, fleksibel og ansvarsbevisst.
- Gode samarbeidsevne med barn og vaksne.
Vi tilbyr:
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer
Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
02.01.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5995069Se her for andre jobber fra Giske Kommune