• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    06.05.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Ågotnes
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5695716
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Helsesekretær/medisinsk sekretær 67% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 400 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.  

 
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.  
 

Om avdelinga:  

Barn, unge og familietenester består av 4 helsestasjonar, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom, helsestasjon for flyktningar, kommunepsykologar for barn og unge og eit familie og rettleingssenter.   

I avdelingane arbeidar det ulike yrkesgrupper som helsesjukepleiarar, jordmødrer, helsesekretærar, familierettleiarar, ungdomslos, miljøarbeidarar, pedagogar og psykologar. 

Det er no ledig 67% midlertidig stilling som helsesekretær/medisinsk sekretær, frå snarast. 

Arbeidsoppgåver:  
  • Arbeid i resepsjon på helsestasjon 

  • Gje timeavtaler pr. telefon, SMS og brev. 

  • Avbestille/omorganisere timer  

  • Ta ut rapporter frå journalsystem 

  • Handsame post elektronisk og på papir 

  • Journalarbeid 

  • Bestille utstyr 

Kvalifikasjonar:   
Må ha:  
  • Autorisert helsesekretær/medisinsk sekretær 

  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg 

Ønskjeleg med:  
  • Erfaring frå arbeid i helsestasjonstenesta  

  • God kjennskap til elektronisk journalsystem  

Personlege eigenskapar: 
  • Fleksibel 

  • Strukturert 

  • Gode samarbeidsevner 

  • Sjølvstendig 
Anna:

Vikariatet varer i første omgang ut 2024, med mogelegheit for fast stilling frå januar 2024. Du vil være lokalisert på Ågotnes helsestasjon og på Straume helsestasjon når du arbeider på fredagar

Vi tilbyr: 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  

  • IA-bedrift  

  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer  

  • Interessante utfordringar  

  • Høve til fagleg og personleg utvikling 

Kontakt:  

For nærare opplysningar om stillingane. Ta kontakt med: 

Louise Armond, avdelingsleiar, 55096877/95480529 

Berit Algrøy, einingsleiar, telefon: 95208001  

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. 

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    06.05.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Ågotnes
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5695716
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune