Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
28.11.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5957891Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Fagarbeidar 100% vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Like sør for Skogsskiftet, og like bak Sotra vidaregåande skule avd. Sund ligg Skogsvåg skule. Der ligg den fint mellom bakkar og berg, med Sundhallen og Skogsvåg stadion som næraste nabo. Frå skulen er det kort veg til toppen Storaskjenet og til sjøen i Kvalvågen.
Skulen har rike tradisjonar og historikk knytt til song og musikk, til kystkultur og til det som rører seg i lokalmiljøet. Skulens visjon er; hand i hand løfter vi kvarandre fram. Dette er ord som betyr mykje for dei tilsette, vi bryr oss og dette skal vise seg i arbeidet vårt med relasjonane mellom vaksne og barn. Vi trur på at alle er gode til noko og det er vår jobb som vaksne å tenne gnist. Vi jobbar aktivt med VI`skulen, felles praksis og at elevane på skulen er våre elevar.
Skulen er ein godkjent dysleksivenleg skule, og har mellom anna lesing, klasseleiing og uteskule som satsingsområde. Skogsvåg skule er med i UNESCO sitt skulenettverk som arbeider for: Globalt medborgarskap og ein kultur for fred og ikkje-vald, berekraftig utvikling og ein berekraftig livsstil, samt interkulturell læring og verdsetting av kulturelt mangfald og kulturarv.
Inneverande skuleår har vi 230 elevar inkludert elevar i innføringsklasse, og 40 tilsette. Administrasjonen består av rektor, ein avdelingsleiar på 1.-4.trinn, ein på 5.-7.trinn, SFO-leiar og merkantil.
Skogsvåg skule er ein praksisskule i samarbeid med HVL og har dette skuleåret 3 praksislærarar.
Arbeidsoppgåver:- Tett oppfølging av enkeltelevar med store spesialpedagogiske behov gjennom skule- og SFO.
- Arbeid med/etter tydelege rammar, føreseielegheit, ASK og struktur.
- Samarbeide med lærarar om gjennomføring av skuledagane.
- Uteskule med elevane kvar veke.
- Symjing med elevane kvar veke.
- Inspeksjon i friminutt.
- Ansvarleg for gjennomføring av aktivitetar i SFO-tid.
- Krav om fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men relevant utdanning/kompetanse kan kompensera for dette.
- Du må ha kompetanse innan arbeid med spesialpedagogiske elevar, t.d kjennskap til eller erfaring frå arbeid med TEACCH, ASK og ADL-trening. Denne kompetansen kan vere ein form for vidareutdanning, kurs eller lang/god fartstid frå arbeid med barn med særskilte behov.
- Du må ha tilstrekkeleg norsk språk.
- Tolmod: Å arbeide med barn med særskilte behov krev ofte stor grad av tolmod hos dei vaksne, då barna kan trenge lang tid på å lære seg nye ting og tilpasse seg nye situasjonar m.m.
- Observasjonsevner og tilpassingsdyktigheit: Kvart barn er unikt og stiller ulike krav til oss vaksne sine evner til å forstå dei og deira kjensler. Difor må du kunne observere barna og gjere nødvendige tilpassingar gjennom dagen.
- Samarbeidsevner: Du samarbeider godt med kollegaene dine. Du deler av kunnskapen din og bidreg aktivt i utforminga av barnas kvardag. Du er fleksibel og løysningsorientert med stor arbeidskapasitet.
- Stressmeistring: Nokre av desse barna kommuniserer mykje gjennom åtferda si. Du står trygt og godt i situasjonar saman med barn som har sterkt uttrykk, utagerer, og du evnar å ha ei konstruktiv tilnærming til dette. Du trivst i eit hektisk og travelt arbeidsmiljø.
- Positivt elevsyn: Du tenkjer at alle barn kan lære og utvikle seg, og du leitar etter og byggjer vidare på dei positive augneblikka gjennom kvardagen til elevane.
- Praktisk arbeid: Du trivst med og likar å arbeide praktisk med elevar i skule og SFO-tid. Dette kan t.d vere å ta med ei gruppe på kjøkkenet, musikk, idrett, leiketime, speletime, friluftsgruppe eller arbeidsgruppe.
Vikariat 100 % er frå 01.01.2025-31.12.2025 med oppstart så snart som mogleg. Du har 11% trekk, så stillinga føl skuleruta og skulens ferier.
Vi tilbyr:- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontaktperson: Ingrid Bildøy Hestad
Stillingstittel: Rektor
Telefon: 92086075
E-post: ingrid.hestad@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
28.11.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5957891Se her for andre jobber fra Øygarden kommune