Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
12.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5871795Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
- Oppdatert 11.12.2024
Surnadal kommune
Einingsleiar ved Heimetenesta
Brannvesen
Einingsleiar ved Heimetenesta
Ei utfordrande og viktig leiarstilling, for deg som vil vere med å utvikle helse og omsorgstenestene.
Er du opptatt av å gje gode opplevingar og meiningsfulle dagar, i ein trygg relasjon til engasjerte medarbeidarar?
Vi søkjer deg som vil vere lagleiar og guide i arbeidet vårt med å utvikle helse- og omsorgstenestene våre.
Heimetenesta
Heimetenesta er ein del av Surnadal helsehus som består av heimetenester. omsorgsbustader, dagsenter og sjukeheim, samla innan området pleie og omsorg og som ligg sentralt plassert i kommunen. Surnadal kommune er godt i gang med planlegging av framtidas helsehus, der organisering og omfang av framtidige tenester i gode og funksjonelle bygg er tema. Dette arbeidet kan føre til endring av oppgåver og ansvarsområde mellom tenestene og endring i leiarstruktur. Utvikling av Surnadal helsehus er eit felles satsingsområde innan helse og omsorg der einingsleiarane får ein sentral rolle.
Heimetenesta gir i dag tenester innafor heimesjukepleie, heimehjelp/praktisk bistand, rehabilitering i heimen, personleg assistent, dagtilbod for eldre og for demente, tryggleiksalarmar og andre velferdsteknologiske løysingar. Vidare saksbehandlar eininga søknader om BPA (brukarstyrt personleg assistent), omsorgsstønad og matombringing.
Kommuneplanen sin samfunnsdel og Helse- og omsorgsplanen gir føringar for tiltaka som ligg til eininga, i tillegg til lover og forskrifter og føringar frå sentralt hald.
Internasjonale og nasjonale trender går i retning av at stadig fleire helsetenester skal utførast i pasienten sin heim, eller nærast mogleg heimen. Det er også eit overordna nasjonalt helsemål at folk skal få bu heime så lenge dei ønskjer det, trass sviktande helse.
I Surnadal kommune har heimetenestene vore langt framme i dette arbeidet gjennom metoden HPH (Heilheiltleg Pasientforløp i Hjemmet), der vi arbeider med pasienten si eigenmestring.
Vi har kontinuerleg utvikling og forbedring av pasientforløpet i tråd med nye forskrifter.
Kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning frå høgskule og/eller universitet, gjerne med helse- og/eller sosialfagleg bakgrunn
- Relevant leiarerfaring og gjerne vidareutdanning innan leiing
- God kjennskap til helse og omsorgssektoren og offentleg forvaltning
- God økonomiforståing
- Kunnskap om og ferdigheiter i bruken av digitale verktøy
Kommunen ønskjer ein einingsleiar som:
- Kan og vil leie og har faglege og administrative leiareigenskapar
- Kan setje klare mål for verksemda og bruke dei samla ressursane effektivt
- Har vilje og evne til samarbeid, kan rettleie og inspirere til utviklingsarbeid
- Er strukturert og ryddig
- Har interesse for korleis teknologi kan brukast til å forbetre arbeidsprosessar og system
- Kan tenkje nytt kring rekruttering som kan bidra til å dekkje kompetansebehovet i eininga
- Er lojal til kommunen sine mål
Vi tilbyr:
- Godt arbeidsmiljø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
- Mulighet for leiarutdanning og vidareutvikling
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilfredsstillande politiattest skal leggast fram før oppstart i stilling.
Surnadal kommune har nynorsk som administrasjonmål.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få hos kommunedirektør Lars Inge Kvande, tlf. 951 98 822 og på e-post lars.inge.kvande@surnadal.kommune.no eller kommunalsjef Gunhild Eidsli, tlf. 971 74 856 og på e-post gunhild.eidsli@surnadal.kommune.no.
Du kan også kontakte vår rådgivar Torstein Sneisen i Headvisor på tlf. 918 88 186 for ein uforpliktande samtale.
Vi ser fram til å få søknad frå deg!
Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
12.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5871795Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
- Oppdatert 11.12.2024
-
Einingsleiar ved Indre Nordmøre barneverntjeneste
Surnadal kommune
SURNADAL -
Helse- og omsorgtenestene: Stillingar på helg og engasjement som tilkallingsvikar
Surnadal kommune
SURNADAL -
Einingsleiar
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Miljøterapeut 100 % fast - psykisk helse og rus
Aukra kommune
AUKRA -
Leiar vegforvaltning
Øygarden kommune
STRAUME