• Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    10.01.2025
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5995073
  • Look here for other jobs from Giske Kommune
Vacancy

Giske Kommune

Bustadkoordinator

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du innovativ og løysingsorientert og likar å jobbe med samhandling? Då kan du vere den vi ser etter!

Giske kommune søker etter bustadkoordinator i 50 % fast stilling med oppstart 01.02.25. I denne stillinga får du vere med på å bygge opp og vidareutvikle system for bustadsosialt arbeid i eining Samhandling og koordinering i kommunedirektøren sin stab. 

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga. 

Kvalifikasjoner:

  • Minimum 3-årig relevant høgskule- og/eller universitetsutdanning
  • Erfaring med og kompetanse på bustadsosialt arbeid
  • Erfaring med og kompetanse på rettleiings- og koordineringsarbeid
  • God digital kompetanse
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Kunnskap om relevant lovverk
  • Må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil ved behov

Du må ha interesse for å jobbe med gode digitale løysingar som kan vere med på å utvikle tenestene våre. Det er ein fordel med erfaring frå saksbehandling. 

Personlige egenskaper:

  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Positiv og engasjert
  • Stor arbeidskapasitet
  • God relasjonskompetanse
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig og systematisk
  • Sjå samanheng og heilskap
  • Nytenkande og trygg i arbeid med utvikling av nye bærekraftige tenester

Vi tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø og kollegaer med god kompetanse og erfaring
  • Godt tverrfagleg samarbeid i ein utviklingsorientert kommune
  • Fleksitidordning
  • Løn og tilsetting på kommunale vilkår og pensjonsordning gjennom KLP

Synes du dette høyres interessant ut? Ta kontakt for utfyllande informasjon om stillinga.

 

  • Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    10.01.2025
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5995073
  • Look here for other jobs from Giske Kommune