• Company
    Sula kommune
  • Application deadline
    03.11.2024
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5924768
  • Look here for other jobs from Sula kommune
Vacancy

Sula kommune

Avdelingsleiar Sloghaugvegen 28 og Seniorsenteret

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ønsker du spanande utfordringar, varierte dager og har interesse og kunnskap om eldreomsorg? Då kan du vere rette kandidaten for oss.

Sloghaugvegen 28 er eit bukollektiv for eldre med samansatt sjukdomsbilete, Seniorsenteret er eit dagaktivtetstilbod for heimebuande eldre. Bukollektivet og dagtilbodet er lokalisert i same bygg og har felles leiing og nært samarbeid både fagleg og sosialt. Totalt utgjer personalgruppa ca 16 årsverk. Begge avdelingane er tilknytta eininga Bukollektiva og vi er lokalisert i sentrum av Langevåg. Vi har no ledig stilling som avdelingsleiar for Sloghaugvegen 28 og Seniorsenteret.

Einingsleiar for Bukollektiva er næraste overordna

 

Tiltreding i stillinga 2. januar 2025, evt anna dato etter avtale.
Søknadsfrist 3. november 2024  


Kvalifikasjoner:

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring innan eldreomsorg kan vere ein fordel
  • Leiarutdanning og/eller leiarerfaring kan vere ein fordel
  • Kjennskap til relevant lovgivning, kvalitetsutvikling og turnusplanlegging
  • Variert erfaring / kompetanse ifht sjukepleiefaget
  • Erfaring/kjennskap til Helseplattformen kan vere ein fordel
  • Vi vil vektlegge personlege eigenskaper 
  • Du må ha gode norsk-kunnskaper skriftleg og munnleg, samt gode digitale ferdigheter

Personlige egenskaper:

Vi søker deg som er løysningsorientert, framoverlent, entusiastisk og som har evne til å vere leiande og samlande fagleg og generellt for personalgruppa. Du har ei positiv framferd og er god på å bygge relasjoner. 

Du er trygg i deg sjølv både fagleg og som leiar og du er god på kommunikasjon. Vi søker ein person som motiverer, rettleier og er pådriver for utvikling av tenesta. Har høg arbeidskapasitet, evne til å arbeide strukturert, planbasert og du har god gjennomføringsevne. Du arbeider sjølvstendig samstundes som du speler på lag.

Vi tilbyr:

  • Eit arbeidsfellesskap som trivast godt med å arbeide i lag; vi ser og respekterer kvarandre og vil kvarandre vel
  • Ei stilling som er variert og utfordrande - og veldig givande 
  • Løn etter avtale
  • Vi tek godt imot deg og du får opplæring og rettleiing
  • Eit tett samarbeid innad leiargruppa i eininga
  • Positive og løysningsorienterte kollegaer 
  • Ei dyktig og engasjert personalgruppe
  • Refleksjonsgruppe for avd.leiarar
  • Gratis parkering

 

Krav om politattest

Oppgi referanser

 

 

  • Company
    Sula kommune
  • Application deadline
    03.11.2024
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5924768
  • Look here for other jobs from Sula kommune