Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
03.11.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5928279Se her for andre jobber fra Sula kommune
Sula kommune
Helsefagarbeider 84% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og fagleg dyktig!
Ved Bukollektiva, Molværsvegen 15/17/19 har vi ledig 84% fast stilling for helsefagarbeidar, arbeid i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Om ønskeleg kan stillinga justerast til ca 90%, då med arbeid annenkvar helg. Tiltredelse 20. januar 2025, evt anna dato etter avtale.
Søknadsfrist 3. november.
I Bukollektiva arbeider vi for å skape tryggleik for bebuarar og pårørande, gi omsorg og skape gode rammer basert på faglege vurderingar. Vi arbeider aktivt for å skape gode arbeidsmiljø og har fagleg fokus.
Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv med heildøgns omsorg for personer med sjukdomen demens. Avdelingane er adskilte, men har felles leiing og det er nært samarbeid både fagleg og sosialt.
Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!
Kvalifikasjoner:
- Autorisert helsefagarbeidar
- Vidareutdanning og/eller erfaring med sjukdomen demens kan vere ein fordel
- Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad
- Gode datakunnskaper
- Erfaring med Helseplattformen kan vere ein fordel, men ikkje eit krav
Personlige egenskaper:
Vi søker ein positiv og løysningsorientert kollega som er engasjert, kunnskapsrik og som vil vere med å bidra til eit godt miljø for bebuarar og kollegaer. Du har ei genuin interesse for eldreomsorg og ønsker å vere ein aktiv bidragsyter for å gjere kvar dag best mogleg for bebuarar og pårørande. Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert samstundes som du er fleksibel. Du er god på kommunikasjon og samspel med både kollegaer og tenestemottakarar.
Du må vere ein lagspelar og samstundes kunne arbeide sjølvstendig.
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Vi tilbyr:
- Inkludering ei eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- God opplæring og nærleiing
- Fokus på god eldreomsorg og fagleg utvikling
- Tilbod om deltaking i refleksjonsgrupper
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Gratis parkering
- Tillegg for relevant vidareutdanning
Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
03.11.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5928279Se her for andre jobber fra Sula kommune