Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
31.08.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6851, SOGNDAL
SOGNDAL
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5838597Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 13.08.2024
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Sogndal kommune
Vil du vere med å skape framtidas kommune i Sogndal?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
I Sogndal kommune jobbar det over 1200 tilsette som går på jobb kvar dag for å bidra til gode, aktive og trygge liv for innbyggjarane. Sogndal er ein av få distriktskommunar med vekst, og er spådd å ha dei yngste innbyggjarane i landet i 2050. På same tid må Sogndal, som dei fleste andre kommunar, finne nye måtar å løyse samfunnsoppdraget på for å kunne halde fram med å sikre innbyggjarane sitt beste i framtida.
For å styrke utviklingsarbeidet søkjer me etter fleire personar som kan vere med å skape ein kommune for framtida, saman med alle dei flinke folka som er her frå før. I Sogndal kommune jobbar me på lag og saman med kvarandre. Me leiter etter deg som er glad i samarbeid, og som trivst med å skape noko i lag med dei rundt deg. Du har lyst å vere med å skape noko nytt, tek initiativ og likar å stå i handling og gjennomføring.
Me vil trenge fleire personar, og ser etter deg som kjenner deg att i ei eller fleire av desse rollene:
Hovudjeger: Du har talent for å finne gode folk, veit korleis arbeids- og rekrutteringsmarknaden fungerer og likar å ha oversikt. Du må gjerne ha erfaring frå HR, rekruttering eller marknadsføring – og vilje til å tenke nytt og utfordre dei eksisterande måtane å jobbe på.
Trivselsgeneral: Du er god på relasjonar, og trivst med handtere alle slags folk og situasjonar. Du bryr deg om spelereglane i arbeidslivet, og lov og avtaleverket som skal sikre ein trygg og god arbeidsplass. Samtidig er du villig til å tenke og prøve ut nye måtar jobbe på, gjerne forsterka av teknologi.
Innkjøpar: Du har kjennskap til regelverket rundt offentlege innkjøp, og er oppteken av at me er profesjonelle og føreseielege i møte med private leverandørar. I tillegg blir du motivert av mogelegheitene ein kommune har til å bidra til nærings- og samfunnsutvikling gjennom innkjøpsrolla, og høvet til å bidra til reduserte klimautslepp og sirkulærtenking.
Digital oppdagar: Du er teknologiinteressert, og i stand til å sjå mogelegheiter i spennet mellom kva som er teknologisk mogeleg og den verkelegheita ein kommune jobbar i. Du har, eller er interessert i, systemforståing, og korleis det som er teknisk mogeleg også har ein fornuftig kost/nytte-faktor, og bidreg til betre tenester for innbyggjarane og betre arbeidskvardagar for dei tilsette.
Tenestedesignar: Du har gjerne ein designbakgrunn, og er interessert i å bruke den til å bidra til endring og nyskaping. Gode visuelle kommunikasjonsevner, solid prosessforståing og flink med folk er nøkkelingrediensar. Du vil vere med å bidra til nye perspektiv, brukar- og innbyggjarmedverknad og at me held fokus på det som er viktig.
Arbeidsoppgåvene vil variere over tid, og for alle rollene ligg det til grunn at du jobbar i team saman med andre. Felles for alle er at dei vil krevje ei «utfordrarhaldning», som kort fortalt går ut på å bruke kompetansen til å tenke nytt, og alltid utfordre deg sjølv og dei rundt deg på å utvikle beste praksis for innbyggjarane sitt beste. Sogndal kommune skal levere på samfunnsoppdraget i ei omskifteleg verd, og treng tilsette som evnar å halde fast i samfunnsoppdraget over tid og samstundes endre eigen praksis når det er naudsynt. Personlege eigenskapar vil difor bli tillagt stor vekt i tilsetjingsprosessen.
Fint om du opplyser i søknaden din om kva type rolle du kan tenkje deg.
Nyfiken på kva Sogn har å by på? Sjekk ut Sogn.no!
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan søknadsfristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
31.08.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6851, SOGNDAL
SOGNDAL
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5838597Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 13.08.2024