• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    29.04.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6640, KVANNE
    SURNADAL
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6171337
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Vil du bli vår nye overstyrmann?

Ferger

Vil du vere med å styre ei av Noregs mest tradisjonsrike ferjestrekningar?Fjord1 søkjer no etter overstyrmann til M/F Stangvikfjord på sambandet Kvanne - Rykkjem. Dette er eit av dei eldste og mest intensive ferjesambanda i landet, med 68 daglege avgangar. Her får du verkeleg utvikla dine ferdigheiter innan manøvrering og navigasjon!

Kvifor velje Fjord1 og Kvanne - Rykkjem?
🚢 Attraktiv skiftordning: Døgnvakt med 2 veker på, 2 veker av. Perfekt for deg som vil ha god balanse mellom jobb og fritid. For dei som bur i nærleiken er det mogleg å dagpendle.
⚡ Moderne og velutstyrt ferje: M/F Stangvikfjord (2020) er ein el-hybridferje med toppmoderne utstyr og ein smart bro-løysing som gjer arbeidskvardagen din enklare og meir effektiv.
🛠 Utvikling av ferdigheiter: Den intensive drifta gjev unik erfaring innan manøvrering og navigasjon, noko som gjer dette til ein flott arbeidsplass for deg som vil utvikle deg vidare som skipsførar.
🏠 Tilrettelegging for pendlere: Fri bustad på arbeidsstaden for deg som treng overnatting i arbeidsperiodane. Fjord1 dekker også reise til og frå jobb (over 30 km).
🍽 Gode fasilitetar om bord: Eit godt mattilbod gjennom samarbeid med Matvarehuset, og eksternt firma som tek seg av dagleg reinhald.
🤝 Sterkt arbeidsmiljø: Gode kollegaer, god stemning mellom skifta og solide støttefunksjonar frå landorganisasjonen gjer at du alltid har eit team i ryggen.

💬"Det beste med å jobbe her er kombinasjonen av moderne teknologi, gode arbeidsvilkår og det sterke samhaldet mellom mannskapet. Her får du verkeleg utfordra og utvikla deg som navigatør, samtidig som du jobbar i eit godt og stabilt team."

 

Kvalifikasjoner:

  • Minimum D3-sertifikat 
  • GMDSS/ROC-sertifikat
  • ECDIS kurs
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlige egenskaper:

    Vi leitar etter en erfaren og dyktig overstyrmann med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar.
  • Skiftordning: Døgnvakt - 2 veker på, og 2 veker av.
  • Første og siste tur i arbeidsperioden dekkes (over 30 km)
 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    29.04.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6640, KVANNE
    SURNADAL
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6171337
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA