Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
15.07.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FergerUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6411, MOLDE
MOLDE
Antal befattningar
1Karriere-kod
6620509Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
- Uppdaterad 10.07.2026
Fjord1 ASA
Vil du bli vår nye maskinsjef?
Ferger
Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Solholmen-Mordalsvågen , p.t. MF Ivar Aasen.
Som maskinsjef på sambandet blir du nøkkelpersonen i maskinrommet, med ansvar for drift, vedlikehald, tekniske system, og sørgjer for at ferja går trygt og effektivt.
Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke din tekniske kompetanse og erfaring, samtidig som du jobbar med eit triveleg og inkluderande mannskap.
Turnus er 2 veker på jobb og 2 veker fri, 1 veke dag og 1 veke natt. På Ivar Aasen har vi ei valfri 7/12 ordning, som inneber at man i tillegg til ordinær skiftplan forpliktar seg til 7 ekstravakter som takast i løpet av året. For desse 7 ekstravaktene vert du kompensert for 12 vakter, derav 6 nattevakter og 6 dagvakter. I tillegg får man i ordninga heile året dekka reise utover 30km, til og frå arbeid første og siste tur.
Mordalsvågen - Solholmen er ei fin rute der du får pausar både midt på dag og på natt.
Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Kvalifikasjoner:
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlige egenskaper:
- Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr:
- Vi tilbyr ei attraktiv stimuleringordning der du ved å arbeide 7 ekstra dagar årleg får løn tilsvarande 12 overtidsvakter.
- Reiseutgifter vert dekka ved første og siste reise i arbeidsperiodar der reiseavstanden overstig 30 km.
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
- Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
- Skiftordning: 2 veker på jobb og 2 veker fri, 1 veke dag og 1 veke natt.
- Treningsmoglegheiter om bord.
Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
15.07.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FergerUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6411, MOLDE
MOLDE
Antal befattningar
1Karriere-kod
6620509Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
- Uppdaterad 10.07.2026