• Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    16.02.2025
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6036955
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
Vacancy

Fjaler kommune

Vil du bli helsefagarbeidarlærling hos oss?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi gler oss til å ta i mot 2 nye lærlingar som helsefagarbeidarar frå august 2025. Vi har eit godt organisert program for våre lærlingar, og har fokus på å leggje til rette for ei god læretid og skape interesse og engasjement for yrket. Som lærling i Fjaler vil du ha variert praksis, og vil bli fulgt opp av fagleg leiar i helse og omsorg, i tillegg til oppfølging frå instruktørar i dei ulike einingane. 

Er du interessert i å vite meir om lærlingordninga hos oss? Då håpar vi du tek kontakt så vi kan få fortelje korleis det er å vere lærling hos oss.

Arbeidsoppgåver
  • Tilrettelegging og oppfølging av tenester til brukarar
  • Tverrfagleg samarbeid og samhandling med pårørande
  • Målretta miljøarbeid
  • Føring og bruk av opplæringslogg
  • Dokumentasjon
Kvalifikasjonar
  • Bestått VG1 Helse- og oppvekstfag, dokumentasjon for fullført og bestått VG2 må leggast fram før signering av lærekontrakt
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi-, MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
  • Positive haldningar og gode samarbeidsevner
  • Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
  • Kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
  • Varierte praksisperiodar i heimetenestene, ved Fjaler sjukeheim, og i miljøtenesta
  • God oppfølging av dyktige instruktørar, rettleiarar og leiarar med fagleg bakgrunn
  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Tverrfagleg samarbeid og hyggelege kollegaer
  • Lærekontrakt og opplæringskontrakt
  • Mellombels tilsetting i Fjaler kommune som lærling i 2 år
  • Løn under utdanning

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

  • Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    16.02.2025
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6036955
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune