Bedrift
UtdanningsdirektoratetSøknadsfrist
17.11.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Departementer og direktoraterUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0191, OSLO
OSLO
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5944125Se her for andre jobber fra Utdanningsdirektoratet
Utdanningsdirektoratet
Vil du bli fagansvarleg for eksamen og læreplan på yrkesfag?
Departementer og direktorater
I Utdanningsdirektoratet jobbar vi for at barn og unge trivst og meistrar i eit inkluderande læringsmiljø. Ein viktig del av denne jobben er å sikre god forvaltning og vidareutvikling av kompetansetiltaka retta mot tilsette i barnehage, skole og SFO. Vi er med på å bidra til at barn og unge får betre tilbod i barnehage og skole, og til dette treng vi dyktige og engasjerte kollegaer.
Vi har ei ledig stilling som fagansvarleg for eksamen og læreplan på yrkesfag. I denne stillinga vil du ha ansvar for alle oppgåver knytt til eksamen og læreplan i eitt eller fleire utdanningsprogram. Det inneber mellom anna å følge opp eksterne eksamensnemnder og vidareutvikle kvaliteten på eksamen i samarbeid med andre fagansvarlege. Det er også forventa at du bidreg til å utvikle innhald i eksisterande og nye læreplanar, slik at kompetansen som er beskriven til ei kvar tid er i tråd med arbeidslivet sine behov.
Vi tilbyr eit inspirerande arbeidsmiljø prega av fagleg dyktigheit, godt samarbeid og ein felles visjon om å forbetre utdanningssystemet. I denne stillinga vil du gjennom arbeidet med utvikling av eksamen bidra til eit viktig samfunnsoppdrag.
Du vil høyre til Avdeling for prøver og eksamen yrkesfag, men bidra på tvers i divisjonen i team med høgt fagleg kvalifiserte og motiverte medarbeidarar. Divisjon for læring og vurdering består av ca. 80 medarbeidarar fordelt på fem avdelingar. Vi har ansvar for utvikling og forvaltning av rammeplan, læreplanar, prøver og eksamenar i grunnopplæringa, i tillegg til IT-systema som blir brukt til dei. Vi er opptekne av samanhengen mellom fagområda våre for at elevar, skular og skoleeigarar skal kunne jobbe heilskapleg med utvikling av opplæringa.
Kvalifikasjoner:
For å bli vurdert som førstekonsulent må du ha:
- relevant høgare utdanning på mastergradsnivå (lang relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet)
- kunnskap om læreplanar og vurderingsordningar, gjerne i yrkesfaga
- god system- og rolleforståing
- god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk
- god IT-kompetanse
For å bli vurdert som rådgivar må du ha punkta over og i tillegg:
- 2-3 års relevant erfaring
- erfaring med koordinering av arbeidsgrupper og utviklingsarbeid.
For begge stillingskodar er det ein fordel om du har:
- kjennskap til teknologi- og industrifaga
- erfaring frå utgreiings- og forvaltningsarbeid
- erfaring med innhaldsproduksjon i digitale system
Vi ber om at vitnemål, karakterutskrifter og attestar blir lagt ved saman med den elektroniske søknaden innan søknadsfristen.
Personlige egenskaper:
- god til å involvere og samarbeide med interne og eksterne
- god til å koordinere og leie prosessar
- sjølvstendig
- resultat- og utviklingsorientert
- strukturert og evner å halde arbeidsfristar
For oss er det viktig korleis du som person eignar deg til jobben. Dette vil bli tatt med i den totale vurderinga.
Vi tilbyr:
- lønn som førstekonsulent/rådgiver (kode 1408/1434), p.t kr 487 800 – 635 400 per år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
- moderne lokale i Oslo sentrum
- eit stimulerande og godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- utbreidd bruk av team- og prosjektorganisering
- gode faglege utviklingsmoglegheiter
- ei verksemd som jobbar systematisk med utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstidsordning
- trening i arbeidstida
Utdanningsdirektoratet skal pregast av mangfald, og vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søka jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Vi oppmodar deg til å krysse av i søknaden dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkar til intervju i kvar gruppe. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkar i desse gruppene på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling. Vi legg vekt på å tilretteleggje arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette opplysast om og grunngjevast i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir teke til følgje.
Bedrift
UtdanningsdirektoratetSøknadsfrist
17.11.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Departementer og direktoraterUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0191, OSLO
OSLO
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5944125Se her for andre jobber fra Utdanningsdirektoratet