• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    31.12.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5970180
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
  • Uppdaterad 28.11.2024
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Vi treng fleire maskinsjefar i Hordaland!

Ferger

Ønskjer du å vere med på å sikre drifta og vedlikehaldet av våre moderne ferjer i gode, gamle Hordaland?
Vi i Fjord1 søkjer ein dyktig og ansvarsfull maskinsjef som vil spele ei viktig rolle i vårt team. 

 

Kvifor jobbe for Fjord1?

  • Ein meget god balanse mellom jobb og fritid gjennom våre skiftordningar, men og moglegheita til å ta i eit ekstra tak dersom det er ønskjeleg.  
  • Ein spanande arbeidsplass med moderne teknologi og utstyr, og ikkje minst kjekke og hjelpsame medarbeidarar. 
  • Nærleik til lokalsamfunnet og enkel pendling til arbeidsplassen. 
  • Moglegheita til å ta del i eit grønt og berekraftig skifte innan ferjetransporten. 
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og karrierevekst. 

Aktuelle skiftordningar: 

  • Døgnskift – 2 veker på og 2 veker av.    Inneber 24 timar på og 24 timar av i arbeidsperioden med påfølgjande fri i to veker. 
  • Døgnskift – 3 veker på og 3 veker av.    Inneber 24 timar på og 24 timar av i arbeidsperioden med påfølgjande fri i tre veker. 
  • 12/12 – 2 veker på og 2 veker av.           Inneber 12 timar på og 12 timar av i arbeidsperioden med påfølgjande fri i to veker. 

 

Alle søknadar blir behandla fortløpande.

Kvalifikasjoner:

  • Minimum M3-sertifikat 
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta 
  • Krise- og passasjerhandtering 
  • MES opplæring 
  • Gyldig helseerklæring 
  • FSE E-læringskurs 
  • Allsidig erfaring som maskinsjef 

Personlige egenskaper:

Vi søkjer ein sjølvstendig og løysingsorientert maskinsjef med teknisk innsikt og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjerande. Om desse eigenskapane beskriv deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund. 
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer. 
  • Attraktive velferdsordningar. 
 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    31.12.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5970180
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
  • Uppdaterad 28.11.2024