Company
Fjaler kommuneApplication deadline
03.11.2019Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
2195068Look here for other jobs from Fjaler kommune
- Updated 18.10.2019
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Fjaler kommune
Vi ønskjer oss pedagogiske leiarar som set pris på gode relasjonar og ein variert kvardag
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du ein av dei vi ser etter?
Yksnebjør barnehage har ledig ei fast 100% stilling som pedagogisk leiar frå januar 2020 då ein av våre tilsette skal pensjonerast. I tillegg har vi ledig ei mellombels 100% stilling frå 1. januar til 12. august 2020 i samband med foreldrepermisjon.
Vi ønskjer oss søkjarar som er gode på å bygge relasjonar til barn og deira føresette, har engasjement og initiativ, og som kan syne empati og gje god omsorg for barna.
Kan dette vere noko som passar for deg? I så fall håper vi at du tek kontakt med oss eller sender ein søknad innan 3. november.
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk utdanning som barnehagelærar eller annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå. Andre med relevant utdanning og erfaring kan og søkje
- Gode norskkunnskapar
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Har godt samspel med barn og vaksne
- Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
Vi tilbyr
- Givande leik med flotte barn kvar dag
- Ein variert og kjekk kvardag
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
- Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
- Lokalt lønstillegg for pedagogiske leiarar på kroner 26 000 per år
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Company
Fjaler kommuneApplication deadline
03.11.2019Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
2195068Look here for other jobs from Fjaler kommune
- Updated 18.10.2019