Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
01.03.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
TraineeBransje
Bemanning og rekrutteringUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
6863, LEIKANGER
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6518444Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
Framtidsfylket AS
Vil du jobbe med innkjøp i fylkeskommunen?
Vestland fylkeskommune søker trainee: Strategisk innkjøpBemanning og rekruttering
Vestland fylkeskommune søkjer ein motivert og samfunnsengasjert trainee til eit ettårig engasjement innan strategisk innkjøp. Dette er ei unik moglegheit for deg som er nyutdanna, eller som ønskjer å utvikle kompetanse innan offentlege anskaffingar, prosjektleiing og strategisk bruk av samfunnets ressursar.
Du får kontorplass i vårt moderne fylkesbygg i Leikanger – eit arbeidsmiljø prega av kompetanse, inkludering og høg fagleg kvalitet.
Om oss
Innkjøpsseksjonen i Vestland fylkeskommune har ansvar for samordning, utvikling og oppfølging av innkjøpsområdet i fylkeskommunen. Seksjonen består av 21 medarbeidarar fordelt på tre fagområde:
- Operativt innkjøp
- Strategisk innkjøp
- Avtaleforvaltning
Som trainee blir du ein del av fagmiljøet på strategisk innkjøp, som arbeider med etablering og gjennomføring av konkurransar, utforming av rammeavtalar, leverandørdialog, forhandlingar og rådgjeving.
Arbeidsoppgåver
Som trainee vil du få opplæring og arbeidserfaring innan fleire sentrale delar av offentlege anskaffingar, mellom anna å:
- delta i innkjøpsprosjekt frå behovsvurdering til ferdig kontrakt
- kartleggje marknad og behov saman med fagmiljøa i fylkeskommunen
- bidra i utarbeiding av konkurransegrunnlag og kontraktsdokument
- delta i evaluering av tilbod og forhandlingar
- medverke i arbeidet med samfunnsansvar, bærekraft og seriøsitetskrav
- samarbeide med avtaleforvaltarar for å sikre god overgang frå anskaffing til oppfølging
- gi støtte til kollegaer i innkjøpsfaglege spørsmål
Du vil få tett oppfølging og eigen mentor gjennom traineeåret.
Kvalifikasjonar
- Du har høgare utdanning på minimum bachelor-nivå innan økonomi, rettsvitskap, samfunnsvitskap, administrasjon, teknologifag eller liknande
- Anna relevant utdanning kan bli vurdert
- Du er nyutdanna med maksimalt tre års erfaring etter studiar
- Du må beherske norsk som arbeidsspråk
Det er ein fordel, men ikkje eit krav, at du har:
- erfaring med prosjektarbeid
- kunnskap om offentlege anskaffingar
- interesse for samfunnsansvar, bærekraft og forvaltningsfag
Personlege eigenskapar
- analytisk og strukturert
- gode samarbeidsevner
- nysgjerrig, lærevillig og løysingsorientert
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- høg etisk standard
- Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
Vi tilbyr
- stillinga er knytt til traineeprogrammet Framtidsfylket
- ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
- ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- høg kompetanse og dyktige kollegaer med stort engasjement
- varierte og lærerike arbeidsoppgåver
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- moderne kontorlokale i Leikanger
- løn i tråd med traineeordninga til Vestland fylkeskommune
Som deltakar i traineeprogrammet til Framtidsfylket Vestland får du
- Utviklingsprogram gjennom Framtidsfylket
Traineestilling hjå oss føreset deltaking i Framtidsfylket sitt traineeprogram og Vestland fylkeskommune sine eigne traineesamlingar. Oppstartsdato for traineestilling føljer Framtidsfylket sitt årshjul.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Krav til norskkunnskap: B1
Om arbeidsgivaren:
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
01.03.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
TraineeBransje
Bemanning og rekrutteringUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
6863, LEIKANGER
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6518444Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS