Företag
Aukra kommuneAnsökningstiden
17.02.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6036942Se här för andra jobb från Aukra kommune
Aukra kommune
Vaktmeister
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ved Eining for tekniske tenester er det ledig 100% stilling som vaktmeister. Eininga for tekniske tenester har ansvar for drift og vedlikehald av alle kommunen sine bygg. Stillinga er ein del av bygge- og eigedomsteamet i eininga, som består av prosjekt- og driftsleiarar, reinhaldarar og vaktmeistrar.
Hovudoppgåver:
- Drift og vedlikehald av byggtekniske anlegg som energisentral, ventilasjon, SD-anlegg, brann- og naudlys, svømmeanlegg m.m.
- Vedlikehald av kommunale bygg
- Energioppfølging
- Delta i utarbeiding av drifts- og vedlikehaldsplanar for bygg.
- Arbeide i samsvar med system for driftsrutinar, og ivareta HMS i eininga.
- Bidra til at avdelinga nyttar ressursar best mogleg.
Ønska kvalifikasjonar
- Fagbrev eller anna teoretisk/praktisk bakgrunn frå fagområda, som byggdriftar, elektro, automasjon, VVS, tømrar osv
- Erfaring i og interesse for byggdrift og styringssystem.
- Generell ikt-kompetanse og erfaring i bruk av dataverktøy.
- Evne til å arbeide godt i team, men også sjølvstendig.
- Må beherske norsk, skriftleg og munnleg
- Krav om førarkort for bil. Førarkort for andre klassar er og positivt.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, da stillinga medfører dagleg kontakt med brukarar og tilsette i bygga våre.
Vi tilbyr
- Kommunale tilsetjingsvilkår og lønn etter avtale
- Fleksibel arbeidstid med kjernetid/fleksibel tid,
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Flyttegodtgjersle etter lokalt reglement
- Kommunen har fond til etter- og vidareutdanning
- Godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
- Kommunen har nynorsk som målform.
- Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader.
Den som vert tilsett må leggje fram gyldig politiattest etter Opplæringslova § 17-11 og Barnehagelova § 30
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"
Søknadsfrist er 17.februar.
Vil du vite meir om stillinga, kontakt teknisk sjef Gerd Nerbø, tlf. 97181669 eller prosjektleiar Ingvald Hjelmås tlf. 47380290
Företag
Aukra kommuneAnsökningstiden
17.02.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6036942Se här för andra jobb från Aukra kommune