Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
02.07.2025Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6205159Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Ungdomslos
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere med og gjere ein forskjell for barn og unge i Sogndal?
Me styrkjer innsatsen for barn og unge, og søkjer ein ungdomslos (3-årig engasjement) som vil bidra til å skape meistring, trivsel og skulemotivasjon for dei i alderen 10–19 år. Målet er å førebyggje fråvær og hjelpe fleire med å fullføre skuleløpet sitt.
Stillinga høyrer til i den nye kommunale psykiske helsetenesta for barn og unge (Barne-, ungdoms- og familiestøtte). Tenesta er eit tverrfagleg lågterskeltilbod som gjev tidleg hjelp og oppfølging. Her vil du jobbe saman med psykologar, familierettleiarar, lærarar, utekontakt og andre fagpersonar.
Stillinga kan delast mellom to personar på deltid.
Arbeidsoppgåvene dine vil vere å:
Følgje opp barn og ungdom gjennom motiverande samtalar og praktisk støtte
Bidra til styrkt skuletilknyting og deltaking i fritidstilbod
Vere til stades på viktige arenaer som skule, heim og fritid
Samarbeide med foreldre og andre omsorgspersonar
Hjelpe ungdom i kontakt med relevante hjelpetenester
Kven ser me etter?
Du er god på å byggje relasjonar og møter barn og unge med tryggleik og respekt. Du har motivasjonsevne, fleksibilitet og evne til å sjå ressursane i kvar enkelt. Du er tolmodig, lyttande og løysingsorientert – og trivst både med sjølvstendig arbeid og samarbeid i team.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Krav til stillinga:
Relevant 3-årig høgare utdanning (t.d. helse- og sosialfag, pedagogikk)
Særs relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
Førarkort klasse B og tilgang til eigen bil
Gyldig politiattest
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Det er ein fordel om du har:
Erfaring med skulefråvær, psykisk helse eller rusproblematikk
Kjennskap til kommunale tenester og hjelpeapparat
Erfaring frå miljøarbeid med barn og unge
Me tilbyr:
Ein meiningsfylt jobb der du får vere ein viktig vaksenperson i ungdomars liv
Eit engasjert fagmiljø med høg kompetanse
Godt samarbeid med andre tenester i kommunen
Varierte arbeidsdagar og fleksitid
Gode pensjons-, forsikrings- og velferdsordningar
Opplæring, rettleiing og støtte i jobben
Har du lyst til å vere med å skape ein trygg og inkluderande kvardag for unge i Sogndal? Då høyrer me gjerne frå deg!
Sogndal kommune satsar på ungdom!
No styrkjer me det førebyggande ungdomsarbeidet med fleire nye stillingar: utekontakt, ungdomsarbeidar, ungdomslos, fritidskoordinator og prosjektleiar for Rocket-Man.
Stillingane inngår i kommunen si samla satsing på oppvekst og vil samarbeide tett i ulike tverrfaglege team. Målet er å skape eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø for alle barn og unge i Sogndal.
Du treng berre å sende inn éin søknad. Om du er interessert i fleire av stillingane, ber me deg opplyse om dette i søknaden. Alle søkarar vil kunne bli vurderte til fleire av stillingane, dersom kompetansen og erfaringa tilseier det.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
02.07.2025Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6205159Se her for andre jobber fra Sogndal kommune