Ledig stilling

Sogndal kommune

Ungdomslos

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med og gjere ein forskjell for barn og unge i Sogndal? 

Me styrkjer innsatsen for barn og unge, og søkjer ein ungdomslos (3-årig engasjement) som vil bidra til å skape meistring, trivsel og skulemotivasjon for dei i alderen 10–19 år. Målet er å førebyggje fråvær og hjelpe fleire med å fullføre skuleløpet sitt. 

Stillinga høyrer til i den nye kommunale psykiske helsetenesta for barn og unge (Barne-, ungdoms- og familiestøtte). Tenesta er eit tverrfagleg lågterskeltilbod som gjev tidleg hjelp og oppfølging. Her vil du jobbe saman med psykologar, familierettleiarar, lærarar, utekontakt og andre fagpersonar. 

Stillinga kan delast mellom to personar på deltid. 

Arbeidsoppgåvene dine vil vere å: 

  • Følgje opp barn og ungdom gjennom motiverande samtalar og praktisk støtte 

  • Bidra til styrkt skuletilknyting og deltaking i fritidstilbod 

  • Vere til stades på viktige arenaer som skule, heim og fritid 

  • Samarbeide med foreldre og andre omsorgspersonar 

  • Hjelpe ungdom i kontakt med relevante hjelpetenester 

Kven ser me etter? 
Du er god på å byggje relasjonar og møter barn og unge med tryggleik og respekt. Du har motivasjonsevne, fleksibilitet og evne til å sjå ressursane i kvar enkelt. Du er tolmodig, lyttande og løysingsorientert – og trivst både med sjølvstendig arbeid og samarbeid i team. 

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.  

Krav til stillinga: 

  • Relevant 3-årig høgare utdanning (t.d. helse- og sosialfag, pedagogikk) 
    Særs relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet 

  • Førarkort klasse B og tilgang til eigen bil 

  • Gyldig politiattest 

  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg 

Det er ein fordel om du har: 

  • Erfaring med skulefråvær, psykisk helse eller rusproblematikk 

  • Kjennskap til kommunale tenester og hjelpeapparat 

  • Erfaring frå miljøarbeid med barn og unge 

Me tilbyr: 

  • Ein meiningsfylt jobb der du får vere ein viktig vaksenperson i ungdomars liv 

  • Eit engasjert fagmiljø med høg kompetanse 

  • Godt samarbeid med andre tenester i kommunen 

  • Varierte arbeidsdagar og fleksitid 

  • Gode pensjons-, forsikrings- og velferdsordningar 

  • Opplæring, rettleiing og støtte i jobben 

Har du lyst til å vere med å skape ein trygg og inkluderande kvardag for unge i Sogndal? Då høyrer me gjerne frå deg! 

 

Sogndal kommune satsar på ungdom!  

No styrkjer me det førebyggande ungdomsarbeidet med fleire nye stillingar: utekontakt, ungdomsarbeidar, ungdomslos, fritidskoordinator og prosjektleiar for Rocket-Man.  

Stillingane inngår i kommunen si samla satsing på oppvekst og vil samarbeide tett i ulike tverrfaglege team. Målet er å skape eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø for alle barn og unge i Sogndal.  

Du treng berre å sende inn éin søknad. Om du er interessert i fleire av stillingane, ber me deg opplyse om dette i søknaden. Alle søkarar vil kunne bli vurderte til fleire av stillingane, dersom kompetansen og erfaringa tilseier det. 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.  
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.  

Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.