• Bedrift
    Askvoll kommune
  • Søknadsfrist
    20.12.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5482471
  • Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
  • Oppdatert 12.12.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Askvoll kommune

Undervisningsstillingar ved Askvoll skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Askvoll skule er ein 1-10 skule med om lag 215 elevar i grunnskulen, og har for tida også om lag 70 elevar i vaksenopplæringa, fordelt på grunnskule for vaksne og norskopplæring. Skulen har per i dag 56 tilsette, og ligg i kommunesenteret i Askvoll kommune. 

Vi har frå 02.01.2024 ledig 3 undervisningsstillingar der inntil to av stillingane er faste. Seinare oppstart kan eventuelt avtalast.

 

Arbeidsoppgåver:

To av stillingane utgjer undervisning i norsk for vaksne og/eller særskild norskopplæring for barn i grunnskulealder
Ei stilling omfattar primært arbeid i 1. -4. klasse, i hovudsak med oppfølging av enkeltbarn

Kvalifikasjonar:

Vi ønsker lærarar med allsidig utdanning og erfaring frå opplæring av barn og/eller vaksne.  Det er ønskeleg med erfaring og kompetanse innan tilpassa opplæring, spesialundervisning eller andrespråkspedagogikk. Søkjarane må:

  • beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
  • ha god kommunikasjonsevne
  • ha digital kompetanse
  • bidra til teamutvikling
  • vere engasjert og fagleg dyktige

For fast tilsetjing er det krav om at søkjar har godkjend undervisningskompetane, men for mellombels tilsetjing kan også andre utdanningar som er relevante verte vurdert. Personlege eigenskapar vil og bli vektlagt. 

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer deg som 

  • kan jobbe sjølvstendig og strukturert
  • er opptatt av barn, unge og vaksne si læring og utvikling
  • kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
  • har fokus på klasseleiing
  • opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
  • er løysingsfokusert og utviklingsorientert
  • fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne

 

Vi tilbyr løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ.  Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.  Tilsetjings skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.  Pensjonsmedlemsskap i Statens Pensjonskasse.  Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin. 

 

 

  • Bedrift
    Askvoll kommune
  • Søknadsfrist
    20.12.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5482471
  • Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
  • Oppdatert 12.12.2023