Company
Framtidsfylket ASApplication deadline
01.03.2025Position function
TraineeFulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
TraineeIndustry
Offentlig forvaltning¤KommuneadministrasjonEducational qualification
BachelorWork experience
Ikke påkrevetAddress
5750, ODDA
ULLENSVANG
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5990242Look here for other jobs from Framtidsfylket AS
Framtidsfylket AS
Bli trainee i Ullensvang – Noregs Friluftshovudstad!
Ullensvang kommune søker trainee: ByggingeniørOffentlig forvaltning¤Kommuneadministrasjon
Er du nyutdanna og på jakt etter ein jobb som er både meiningsfull og utviklande? Vil du starte karrieren i eit miljø der både kollegaer og omgjevnadene inspirerer? Då har vi jobben for deg!
I vakre Ullensvang, der fjord møter fjell og naturen er ein leikeplass utan like, har du no sjansen til å bli trainee som byggingeniør.
I denne rolla vil du få vere med å styrke og utvikle byggdrift i kommunen, eit område som treng ditt engasjement og kompetanse. Vi er i ein fase der system, prosedyrar og vedlikehaldsplanar skal på plass, og dine friske idear og nye perspektiv vil vere uvurderlege.
Arbeidsoppgåver:
- Følge opp energieffektiv og miljøvennlig drift av kommunens bygg
- Gjennomføre, systematisere, og tilrettelegge for målstyring av drift og verdibevarende vedlikehold
- Ansvar for drift og optimalisering av tekniske system for adgangskontroll, byggautomasjon, energioppfølgingssystem (EOS) osv.
- Gjennomføre risikovurderingar
- Rapportere resultat frå målstyrt drift
- Innkjøp av varer og tenester
- Inngå og følge opp servicekontraktar og garantiforpliktelsar
- Prosjektleiing og utforming av tilbudsgrunnlag til nye prosjekt
Her får du jobbe tett med erfarne kollegaer med høg kompetanse. Det er ikkje uvanleg at vi samlar oss for å lage vafler eller ete eplekake midt i ein travel arbeidsdag – for i tillegg til å jobbe hardt, veit vi kor viktig det er å ta vare på kvarandre.
Du kjem til å sitje saman med andre ingeniørar og fagpersonar i eit ope kontorlandskap på Hjøllo, berre ein kort spasertur frå sentrum av Odda. Her jobbar vi saman på tvers av avdelingar som vatn og avløp, byggdrift, veg og park – noko som skapar gode muligheiter for å lære av kvarandre.
Som ein av årets traineear seier: Om du vil utrette ein forskjell må du komme til ein mindre plass, det er her stemma di betyr noko.
Vi tilbyr
- Spanande arbeidsoppgåver med stort potensiale for utvikling
- Meiningsfylte og interessante arbeidsoppgåver i utøvinga av eit viktig samfunnsoppdrag
- Jobb i ein attraktiv kommune med eit variert fritidstilbod
- Løn etter avtale
- Ullensvang kommune har fleksibel arbeidstid, gode permisjons- og pensjonsvilkår og fokus på nærværsarbeid.
- Lev ditt beste liv i Noregs friluftshovudstad
Ikkje for å skryte, men vi kan ikkje la vere: I Ullensvang er vegen til verdas vakraste naturopplevingar kort, uansett om du vil gå i høgfjellet eller slappe av ved fjorden. Turisme, siderproduksjon og industri blomstrar, og til deg som likar det litt meir urbane kan vi skilte med at vi har våre eigen Michelinkokk i Odda og badstue i Sørfjorden!
Kven kan vel seie nei til å byte rushtrafikk mot rolege morgonar, bystress mot frisk fjelluft, og tronge kontorlandskap mot eit sosialt fellesskap?
Vi ser etter deg som har lyst til å skape, bidra og lære. Du som vil starte karriera di på ein stad der du ikkje berre er ein arbeidstakar, men ein ressurs. Så, kva seier du? Skal du bli med på laget vårt i Ullensvang kommune?
Søk no, og start karrieren din på beste vis!
Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram
Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Krav til norskkunnskap: B1
Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.
Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.”
Company
Framtidsfylket ASApplication deadline
01.03.2025Position function
TraineeFulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
TraineeIndustry
Offentlig forvaltning¤KommuneadministrasjonEducational qualification
BachelorWork experience
Ikke påkrevetAddress
5750, ODDA
ULLENSVANG
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5990242Look here for other jobs from Framtidsfylket AS
-
Ullensvang kommune søker trainee: i avdeling for forvaltning og koordinering
Framtidsfylket AS
ODDA -
Ullensvang kommune søker trainee: VA-ingeniør
Framtidsfylket AS
ODDA -
Fjellstrand søker trainee: Elektroingeniør
Framtidsfylket AS
OMASTRAND -
Tecno VVS søker trainee: Økonomi
Framtidsfylket AS
NORHEIMSUND -
Elkem søker trainee: Automasjon
Framtidsfylket AS
Vestland