Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
18.12.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5979627Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kvam Herad i Brønnøysund
Tilretteleggingsressurs i barnehage - Oppvekst - Norheimsund barnehage
Tilretteleggingsressurs i barnehageOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me søkjer deg med helsefagleg bakgrunn som vil jobba i barnehage.
Norheimsund barnehage har ledig stilling som tilretteleggingsressurs for eit barn som går i barnehage. Dette er ein jobb for deg som søkjer nye utfordringar og oppgåver i nytt miljø.
Ein tilretteleggingsressurs skal vera ei støtte for barnet i barnehagen. Barnet skal ta del i heile barnehagedagen og tilretteleggingsressursen skal sikra eit eigna og individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Det blir gjeve opplæring ved oppstart.
Arbeidsoppgåver
- Bidra aktivt til at barn med nedsatt funksjonsevne får oppleva meistring og blir inkludert i barnegruppa
- Ansvar for medisinering og utstyr
- Vera ein trygg vaksen
- Samarbeide med kollegaer
- Samarbeide med foreldre
- Motta og følga opp rettleiing
- Bidra til godt arbeidsmiljø
- Delta i avdelingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg utdanning, t.d. helsefagarbeidar
- Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel
- Fordel med kompetanse i teikn til tale (Karlstadmodellen)
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Bestått B1og B2
Ved nytilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato. Denne skal ikkje leverast med søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar. Legg gjerne dette inn saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
- Du må vera ein trygg vaksen. Det er viktig med god relasjon til barnet og godt samarbeid med foreldre.
- Handtera akutte situasjonar på eiga hand, og ta ansvar dersom det oppstår noko
Vidare ynskjer me at du:
- Er pliktoppfyllande og stabil
- Er komfortabel med utfordringar og er interessert i å læra nye ting
- Har helsa til å løfta og vera i aktivtet med barn gjennom heile dagen
- Har godt humør og positiv innstilling
- Møter barn, kollega og føresette med respekt
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Har eit positivt barnesyn: "Barn gjer så godt dei kan"
Me tilbyr
- Opplæring
- Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
18.12.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5979627Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund