• Company
    Gol kommune
  • Application deadline
    31.12.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3550, GOL
    GOL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6010922
  • Look here for other jobs from Gol kommune
Vacancy

Gol kommune

Tilkallingsvikar Gol helsetun Demensomsorgen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol helsetun demensomsorgen er ein sjukheim med totalt 32 plassar med kort- og langtidsplass. Vi har eit trivelig, ungt og dynamisk arbeidsmiljø, med mange dyktige medarbeidarar med høg fagleg kompetanse.

Vi søker:
Vi ynskjer kontakt med personar som kan vere vikar etter tilkalling og i feriar. Du må like å jobbe med menneske og samarbeide med kollegaer.

Kvalifikasjonar:
Du må beherske norsk, skrifteleg og munnleg da du som helsearbeider har dokumentasjonsplikt.

Vi tilbyr:
God opplæring/ rettleiing og oppfølging med arbeidsoppgåvene. Dyktige kollegaar og eit godt arbeidsmiljø.

Vi ynskjer at:
Du bidreg til eit fagleg godt miljø med hovedfokus på brukarane.

Anna:
• Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
• Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknad blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

  • Company
    Gol kommune
  • Application deadline
    31.12.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3550, GOL
    GOL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6010922
  • Look here for other jobs from Gol kommune