Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
31.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5974915Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Tenesteutviklar i Sogn
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere med å skape framtida for Sogn?
Sognaregionen satsar, og søkjer no ein dyktig og engasjert tenesteutviklar! Du vil spele ei nøkkelrolle i å utvikle og styrkje samarbeid på tvers av kommunane Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Sogndal og Vik. Regionen har gjennom dei siste åra styrka samarbeidet, og jobbar no tett saman for å skape eit attraktiv bu- og arbeidsområde i verdas vakraste ramme. Saman med resten av aktørane i regionen skal me no realisere visjonen vår: Sogn – det gode liv, gjennom den nyleg vedtekne Sognaplanen – vår felles regionalplan i Sogn.
Om stillinga
Som tenesteutviklar vil du:
Drive fram og koordinere samarbeidsprosjekt som fremjar attraktivitet, mobilitet, omstilling og samarbeid i tråd med Sognaplanen 2025–2028.
Bygge relasjonar og nettverk mellom kommuneorganisasjonane, næringslivet, utdanning og frivillige aktørar i regionen, samt med viktige aktørar utanfor regionen.
Vere ein pådrivar for innovasjon og tenesteutvikling, inkludert grøn omstilling og teknologibaserte løysingar i kommunane.
Bidra til å skape ein felles identitet og stoltheit for regionen gjennom kommunikasjon og omdømmebygging.
Kven er du?
Me ser etter deg som:
Har erfaring frå å jobbe med prosjekt, tenesteutviklingsarbeid eller regionalt samarbeid, og likar å jobbe i team med andre.
Kjenner kommunal verksemd, og er interessert i korleis kommunane fungerer.
Er relasjonsbyggjar med sterke kommunikasjonsevner.
Har strategisk blikk og evne til å finne innovative løysingar.
Brenn for berekraft, samarbeid og utvikling av lokalsamfunn.
Kjenner til og interesserer deg for samspelet mellom kommunar, fylke og stat – og trivst i grensesnittet mellom politikk og administrasjon.
Me tilbyr:
Ei spanande rolle med moglegheiter til å påverke framtida til ein heil region.
Eit sterkt fagleg og sosialt nettverk i eit miljø prega av samarbeid og tillit.
Fleksible arbeidsformer, inkludert moglegheit for fjernarbeid.
Konkurransedyktige vilkår og stor grad av sjølvstende.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla samfunnet me er ein del av. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn, og legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
31.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5974915Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Avdelingsleiar vatn og avløp
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Vil du vere med å bidra at innbyggjarane i Sogndal kan leve gode, aktive og trygge liv?
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Er du vår nye Talknusar?
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Heimehjelp - heimetenesta i Balestrand
Sogndal kommune
Balestrand -
Avdelingsleiar psykisk helse og rus
Sogndal kommune
Leikanger