Ledig stilling

Sogndal kommune

Tenesteleiar for Tildelingskontoret

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du leie eit kontor som faktisk påverkar kvardagen til innbyggjarane i Sogndal kommune?  

Ynskjer du ei leiarrolle der du får breidde, ansvar og reell påverknad?  

 

No kan du få ein av dei sjeldne jobbane der du jobbar tett på både fag, folk og system, og er med og formar korleis kommunen løyser eit av dei viktigaste samfunnsoppdraga me har. 

 

Me har ledig eit årsvikariat som leiar for tildelingskontoret der du får arbeide frå eit overordna og heilskapleg perspektiv. Du får innsikt i helseog omsorgstenestene våre, og kan sjå samanhengar på tvers av sektorar. Dette gir deg eit godt utgangspunkt for å vere med og drive endrings- og utviklingsarbeid i kommunen. 

 

Dette er ei rolle der du ikkje berre forvaltar regelverk, men også er med og påverkar retning, prioriteringar og løysingar til beste for innbyggjarane våre. 

 

Kva går rolla ut på? 

Som leiar for tildelingskontoret har du ansvar for personal, fag og økonomi. Du leier dyktige medarbeidarar, samarbeider tett med tenestene og er ein viktig pådrivar for vidare utvikling av kommunen sine helse og omsorgstenester. 

 

Andre som har hatt denne rolla peikar på nettopp breidda i oppgåvene som det mest verdifulle. Me kan garantere at du lærer mykje både fagleg og personleg, og får ei rolle der stemmdi veg tungt. 

 

Kven ser me etter? 

Me ser etter deg som likar å jobbe i spennet mellom fag, forvaltning og utvikling, og som evnar å sjå heilskap og samanhengar. 

 

For å trivast og lykkast i rolla trur me at du har: 

  • Høgare relevant utdanning innan helseog sosialfag eller juss 

  • God forståing for helseog omsorgstenestene og relevant lovverk 

  • Erfaring med sakshandsaming 

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne 

  • Evne til å samarbeide godt, tenkje strategisk og sjå heilskap 

 

Det er ein fordel om du også har erfaring eller kompetanse innan endringsarbeid, prosjekt eller prosessleiing 

Har du leiarerfaring eller leiarutdanning er det ynskeleg,  men me tenkjer at den rette personen kan utvikle seg til å bli leiar. 

 

Personlege eigenskapar vil bli tillagd stor vekt. Me ser etter ein leiar med engasjement, pågangsmot og ekte interesse for å skape gode løysingar i lag med andre. 

 

Kvifor bør du søkje denne jobben? 

Fordi du får: 

  • Ei leiarrolle med stor påverknad 

  • Ein kvardag med variasjon, ansvar og utvikling 

  • Moglegheit til å vere med og forme framtidas kommune 

 

Kjenner du at dette treffer deg? Då håpar me du vil søkje. 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.