Ledigt jobb

Sunnfjord kommune

Sommarjobb for ungdom

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunnfjord kommune ønsker å gi ungdom moglegheit til å få arbeidserfaring, og tilby derfor sommarjobb til unge i kommunen.

Kven kan søke?

Er du født i 2009, 2010 eller 2011 og ønsker sommarjobb, oppmodar vi deg til å søke.
Vi ser etter ungdom som er engasjerte, positive og motiverte for arbeid.

Vi kan tilby:
  • verdifull arbeidserfaring
  • ein trygg og lærerik introduksjon til arbeidslivet
  • attest etter endt arbeidsperiode
  • løn i tråd med gjeldande satsar
Arbeidsplassar:

Sommarjobbane er fordelt på både kommunale arbeidsplassar og private verksemder. Arbeidsoppgåvene kan mellom anna vere:

  • arbeid på kafé eller i butikk
  • praktisk arbeid
  • arbeid i barnehage
  • oppgåver knytt til eldreomsorg og støtte til menneske som treng hjelp

Når du søker, er det ein fordel om du skriv litt om interessene dine og kva type arbeid du kunne tenkt deg. Det gjer det enklare for oss å finne ein jobb som passar for deg.  Vi fordelar arbeidsplassar ut i frå alder, interesse og jobbar vi har tilgjengeleg. Vi prioritetar ungdom som ikkje har hatt jobb tidlegare. Vi vil ikkje ha jobb til alle søkarar, men vi fordelar stillingane så godt det lar seg gjere. 

Sommarjobben varer i 2 veker, du kan velge mellom:

  • Periode 1: veke 26 og 27
  • Periode 2: veke 32 og 33

Dei som får tilbod om sommarjobb, vil jobbe i éin av periodane.

 

Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju. 

Du må søke elektronisk.

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

Kontaktpersonar:

Lillian Vassbotten, lillian.vassbotten@sunnfjord.kommune.no, tlf 57 61 27 50

Tove Nedrebø, tove.nedrebo@sunnfjord.kommune.no, tlf 41 53 09 13