• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    23.07.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5419, FITJAR
    FITJAR
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6665023
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Skipsførar på moderne ferje

Ferger

Fjord1 har no ledig stilling som skipsførar i sambandet Husavik–Sandvikvåg, p.t. om bord  på vår flotte el-ferje MF Husavik.

På dette sambandet går ein i døgnskift, inkludert helg, i rotasjon 12 dagar på og 9 dagar fri.

I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Husavik eller Sandvikvåg, då rederiet ikkje har bofasiliteter det døgnet ein har fri. 

Som skipsførar vil du ha ei sentral rolle i å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Dette er ei stilling med stort ansvar og gode moglegheiter til å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med kollegaer både om bord og på land.

Oppstart august. Vi vurderer kandidatar fortløpande.

Kvalifikasjoner:

  • Minimum D3
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Ferdighetssertifikat medisinsk behandling
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Rederiet dekkjer krise- og passasjerhandterings kurs for aktuelle kandidatar.

Personlige egenskaper:

Vi ser etter ein erfaren og dyktig skipsførar med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel.

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund.
  • Arbeidsperiode 12 dagar. Døgnskift kvardagar og helg, etterfølgt av 9 dagar fri. 
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!

 

 

     

    • Företag
      Fjord1 ASA
    • Ansökningstiden
      23.07.2026
    • Heltid/Deltid
      Heltid
    • Anställningsform
      Permanent
    • Bransch
      Ferger
    • Utbildningskrav
      Påkrevet
    • Arbetserfsrenhet
      Ønskelig
    • Adress
      5419, FITJAR
      FITJAR
    • Antal befattningar
      1
    • Karriere-kod
      6665023
    • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA