Company
Sogndal kommuneApplication deadline
20.03.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6546021Look here for other jobs from Sogndal kommune
Sogndal kommune
Sjukepleiarar / vernepleiarar: Vil du bruke faget ditt der det verkeleg tel?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Heimetenesta i Sogndal kommune søkjer sjukepleiarar og vernepleiarar som vil vere tett på menneske i kvardagen. Her er du ikkje ein brikke i eit stort system. Du er ein fagperson som tek sjølvstendige vurderingar, samarbeider tett med kollegaer og utgjer ein reell forskjell for den enkelte.
No styrkjer me laget med fleire stillingar:
Sjukepleiarar (100 %)
To faste stillingar og eitt vikariat med moglegheit for fast tilsetjing. Tredjeårs sjukepleiarstudentar kan søkje og bli fast tilsette når autorisasjon ligg føre.
Vernepleiarar (100%)
To faste stillingar.
Stillingane går i turnus, med moglegheit for langvakter.
Ein kvardag med ansvar og fagleg breidde
I heimetenesta møter du menneske i ulike livssituasjonar. Du arbeider sjølvstendig, men aldri åleine.
Oppgåvene omfattar mellom anna:
Sjukepleiefaglege vurderingar og helsehjelp i heimen
Oppfølging av medikament og dokumentasjon
Kvardagsrehabilitering og støtte i daglege gjeremål
Dette er ei rolle for deg som likar å bruke både fagkunnskap, dømmekraft og relasjonell kompetanse. Du får ansvar. Du får tillit. Og du får vere med å utvikle tenestene vidare.
Kven er du?
Du er autorisert sjukepleiar eller vernepleiar. Du står støtt i faget ditt, også når situasjonane krev ro og prioritering. Du arbeider strukturert, tek ansvar og ser etter løysingar. Du trivst med samarbeid, men er komfortabel med å ta avgjerder på eiga hand. Og du veit at kvalitet i tenestene handlar om både fag og menneskemøte.
Det er krav om:
Norsk autorisasjon
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Førarkort
Politiattest ved tilsetjing
Kvifor heimetenesta?
Heimetenesta gir deg breidde i faget. Du følgjer brukarar over tid, ser utvikling og justerer tiltak undervegs. Du får arbeide tett på liv, ikkje berre diagnosar. Du blir del av eit fagmiljø der kollegaer samarbeider tett i kvardagen. Her deler me erfaringar, støttar kvarandre og tek ansvar saman.
Lønn følgjer gjeldande avtaleverk. Pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
Litt om oss
Sogndal kommune har om lag 12 000 innbyggjarar og rundt 1300 medarbeidarar. Me er ein kunnskapsbasert og framtidsretta kommune med ambisjonar for både tenestene våre og folka som arbeider her.
Me ønskjer eit mangfaldig arbeidsfellesskap og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje. Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk, og alle tilsetjingar skjer med seks månaders prøvetid. I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla før eventuell offentleggjering.
Vil du vite meir?
Ta kontakt med Guro Halrynjo eller Siv Vatlestad for ein uforpliktande prat.
Me håpar å høyre frå deg.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
20.03.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6546021Look here for other jobs from Sogndal kommune
-
Bu- og miljøtenesta: Vil du bli vår nye kollega i eit godt og spennande fagmiljø?
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Generell søknad - tilkallingsvikar i Helse- og omsorgsektoren
Ål Kommune
ÅL -
Lærarstillingar ved Kvåle skule frå hausten 2026
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Lærarar på barne- og ungdomstrinnet + fagarbeidar/assistent, Sagatun skule
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Driftsoperatørar, bygg og utleigebustadar
Sogndal kommune
SOGNDAL